Hopp til innhold

Vernepleiar 100% fast

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Sted

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk
Mulighet for hjemmekontorAI
Ingen mulighet for hjemmekontor
AI

Bruk av kunstig intelligens

Søk på jobben

Søk senest mandag 15. juni

100% fast stilling i turnus ledig frå snarast

Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester f.t Søfteland bufellesskap 
Søfteland bufellesskap er det nye bufellesskap under Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune. Vi søkjer fagleg, engasjert og varm vernepleiar til 100 % fast stilling i turnus (ordinære dag- og kveldsvakter, samt langvakter på helg; m/arbeid kvar 4. helg).  Stillinga inngår i ressursbemanninga i eininga; Tilrettelagte tenester. Dette betyr at din kompetanse kan bli brukt mellom dei ulike bufellesskapa.

Om arbeidsstaden
Tilrettelagte tenester gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene, for vaksne, omfatter ni bufellesskap og to dagsenter. Søfteland bufellesskap ligg i eit etablert bustadområde på Søfteland, ca.10 minutt frå Os sentrum. Her bur seks unge, vaksne, tenestemottakarar med varierande og samansette funksjonsnedsettingar. Vi er i ein spennande oppstartsfase og ønskjer nye kollegaer som vil vere med å forma og vidareutvikla ein trygg og fagleg sterk arbeidsplass.

Arbeidsoppgåver
  • Yta eit heilskapleg, fagleg og personsentrert omsorgstilbod med fokus på livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging
  • Sikra bistand i daglege gjeremål og sosiale aktivitetar, inkludert følgje til dagsenter
  • Ansvar for medisinhandtering
  • Bidra til ei trygg og føreseieleg ramme for kvar tenestemottakar gjennom støtte, omsorg og struktur
  • Samarbeid med pårørande, verge, fastlege, spesialisthelsetenesta m.m., samt delta i samarbeidsmøter
  • Observasjon og dokumentasjon i EPJ
  • Utføre målretta miljøarbeid og oppfølging av tiltak
  • Ha primær- eller sekundærkontaktansvar.
Kvalifikasjonar
  • Utdanning som vernepleiar men sjukepleiarutdanning vil også bli vurdert
  • Erfaring frå målretta miljøarbeid er ønskjeleg. Erfaring frå psykisk helsearbeid kan òg vere relevant
  • Bevisst på eigne haldningar, og jobbar i tråd med verdiane respekt, lojalitet og etikk
  • Fagleg engasjert og nysgjerrig på kartlegging og utvikling av tenestene
  • Gode samarbeidsevner, men òg trygg på sjølvstendig arbeid
  • Strukturert, løysingsorientert og kvalitetsbevisst
  • Førarkort klasse B 

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø, og med høg kompetanse og fokus på meistring og utvikling for bebuarane.
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar. For vernepleiarar og sjukepleiarar i pasientnært turnusarbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnløn på kr. 25.000,- over garantilønnstabell.
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Vi vil kalla inn til intervju fortløpande og etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Dina Basko-Cepule

Avdelingsleiar

+47 413 74 633

dinbas@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

506ad1bd-b064-438e-88de-2832b6cbf3cc

Sist endret

19. mai 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3629343_196017_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser