Hopp til innhold

Vi søker junior frontendutviklar

Arbeidsgiver

Brønnøysundregistera

Sted

Havnegata 48, 8910 Brønnøysund

Om jobben

Stillingstittel
Vi søker junior frontendutviklar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest mandag 27. april

Om stillinga

Er du nyutdanna eller har berre litt erfaring innan systemutvikling? Da kan Brønnøysundregistera ha den perfekte jobben for deg.

IT-avdelinga vår har 130 engasjerte og dyktige kollegaer som saman utgjer eit av dei viktigaste teknologimiljøa i Noreg. Her får du vere med i team der kunnskapsdeling og kontinuerleg utvikling blir prioritert, og du får vere med å påverke retninga vår.

Vi forvaltar ein brei portefølje og er i gang med modernisering av fleire register. Den nye registerplattforma vår er eit stort steg framover, med moderne teknologi som aukar både automatisering og digitalisering. Lausøyreregisteret har allereie tatt i bruk plattforma og saksbehandlingstida er redusert frå fire dagar til nokre sekund.


Arbeidsdagen din hos oss

Som juniorfrontendutviklar får du ein spennande start på karrieren i eit inkluderande og innovativt miljø. Du blir ein del av eit produktteam der du får jobbe med utviklinga av nye løysingar på den nye plattforma vår. Vi jobbar smidig og har eit tett samarbeid med forretningssida for å skape brukarvennlege og verdiskapande løysingar.

Hos oss får du bidra i heile utviklingsløpet og forvalte eksisterande løysingar. Du vil jobbe med moderne teknologiar som React, Node og CSS. Vi er opptatte av kontinuerleg læring, og du vil få moglegheit til å utforske ny teknologi og innovative løysingar saman med andre erfarne utviklarar. Ein mentor vil følge deg tett og hjelpe deg i gang. Vi har ein delingskultur der vi løftar kvarandre og deler kunnskap for å utvikle både teamet og løysingane vi lagar.


Kvalifikasjonar 

For å vere aktuell som juniorsystemutviklar, må du

  • ha 3-5 års høgare relevant utdanning eller tilsvarande praktisk erfaring
  • beherske norsk flytande, både skriftleg og munnleg

Du må kunne bli autorisert for AVGRENSA etter sikkerheitslova. Er du utanlandsk statsborgar, skal autorisasjonsansvarleg hos oss vurdere om tilknytinga di til heimlandet og heimlandet sisikkerheitsmessige betydning utgjer ein risiko knytt til stillinga. I nokre tilfelle må det hentast inn samtykke frå Sivil klareringsmyndigheit.


Vi ser etter deg som har desse eigenskapane

  • gode samarbeidsevner og trivst med å jobbe i team
  • ser heilskapen i system, integrasjonar og arbeidsprosessar
  • er nysgjerrig og har ei genuin interesse for teknologi
  • er ansvarsbevisst, initiativrik, sjølvstendig og strukturert i arbeidet ditt 
  • trivst med humor i eit miljø med stor takhøgde

Dette får du hos oss

  • fleksibel arbeidstid med god balanse mellom arbeidsliv og privatliv  
  • god velferdsordningar og moglegheit for trening i arbeidstida
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landet sine beste pensjonsordningar, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • moderne kontorlokaler med utsikt over Helgelandskysten. Sjå den flotte arbeidsplassen vår og byen vi bur i, på Havnegata48

Du blir tilsett som rådgivar med årsløn frå kr 570 000 – 700 000, avhengig av kvalifikasjonane dine. 

Bur du ikkje her, kan vi hjelpe deg med å skaffe bustad, og flyttekostnader kan bli dekt etter nærare avtale. Ved flytting til Brønnøysund kan husleige bli dekt med inntil kr 10 000,- dei første 6 månadene etter oppstart av arbeidsforholdet. Dette er skattepliktig inntekt.

Vi har eit rekrutteringssamarbeid med Brønnøy kommune og Digitaliseringsdirektoratet. Har du ein partnar som har behov for arbeid, kan vi formidle kontakt med desse.


Inkludering og mangfald er viktig for oss

Vi ønsker å vere ein inkluderande arbeidsplass, der vi speglar mangfaldet i befolkninga. Vi treng medarbeidarar med ulik erfaring, bakgrunn, kompetanse og kvalifikasjonar for å løyse samfunnsoppdraget vårt. Har du hol i CV-en , nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for det når du søker stilling hos oss. Vi kallar inn minst ein kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju.


Bu i Brønnøysund 

Brønnøysund er ein triveleg liten kystby sør på Helgeland. Vi har korte avstandar til det meste og masse vêr – uansett årstid! Er du glad i naturopplevingar har vi eit utal moglegheiter. Moglegheitene er mange også for deg som heller føretrekk ein tur på kafe eller restaurant, er opptatt av kultur eller ulike treningsmoglegheiter innandørs.


Verd å merke seg før du søker

Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Ønsker du å bli unntatt frå den offentlege søkarlista, må du grunngi kvifor. Vi tar kontakt med deg dersom vi ikkje tar ønsket ditt til følgje, og du får moglegheit til å trekke søknaden din. 

For å bli vurdert som søkar, må du legge ved relevante attestar og vitnemål. Vitnemål frå utdanning tatt i Noreg lastar du opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT. 


Kontaktperson for stillingen

Mikael Rodal Helgesen

seksjonsleder

+47 469 54 701

mrh@brreg.no

Om bedriften

Vi satser først og fremst på folk, og det har gjort oss til etaten med best omdømme i Norge. Hos oss får du utvikle deg faglig samtidig som du har en god balanse mellom jobb og fritid. Vi vet at de beste løsningene skapes av mennesker som trives både på og utenfor jobb.


Bli med på laget som gjør det enklere å drive virksomhet i Norge og som leverer dataene som holder samfunnet i gang. Nå kan du bli en av våre 470 kolleger på Norges vakreste arbeidsplass.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b11f1514-78df-487b-848c-fee811fcc7a9

Sist endret

31. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10289880

Lignende annonser

Laster lignende annonser