Testutviklar
Brønnøysundregistera
Havnegata 48, 8910 Brønnøysund
Om jobben
- Stillingstittel
- Testutviklar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 7. mai
Om stillinga
Vi bygger og forvaltar register av stor nasjonal betydning. Det skal vi fortsette å gjere, og som testutviklar får du ei viktig rolle for å sikre hyppige leveransar med god kvalitet.
Du er ein av fem testutviklarar som, saman med utviklingsteama våre og andre utviklarar, skal lage effektive løysingar for testautomatisering. Det er fint om du har erfaring, men det er ikkje eit absolutt krav. Er du nyutdanna, så er du også velkommen som søker.
Sentrale arbeidsoppgåver vil være å
- utvikle, vedlikehalde, køyre og analysere automatiserte testar (både funksjonelle og ikkje-funksjonelle) i tett samarbeid med systemutviklarane
- effektivisere testprosessar og bruk av verktøy for testautomatisering
- støtte utviklingsteamet innan testautomasjon- og hyppige leveransar
- sørge for at test inngår som ein del av CI/CD-pipelinen vår
Kvalifikasjonar
Du må ha
- ha 3-5 års høgare relevant utdanning, fortrinnsvis innan IT/informatikk. Relevant praksis kan kompensere for delar av utdanningskravet
- beherske norsk og ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Det er fordelaktig om du også har
- erfaring med programmeringsspråk som Java/JavaScript/Python
- erfaring med bruk av KI innan testautomatisering
- kjennskap til ulike testrammeverk og verktøy, som for eksempel Playwright, Gatling og Cucumber
- erfaring frå smidig utvikling, tverrfaglege utviklingsteam og svært gjerne erfaring som systemutviklar
- ISTQB-sertifiseringar
Du må kunne bli autorisert for AVGRENSA etter sikkerheitsslova. Er du utanlandsk statsborgar, skal autorisasjonsansvarleg hos oss vurdere om tilknytinga di til heimlandet og heimlandet si sikkeheitsmessige betydning, utgjer ein risiko knytt til stillinga. I nokre tilfelle må det bli henta innsamtykke frå Sivil klareringsmyndigheit.
Personlege eigenskapar
- du er kvalitetsbevisst
- du er ansvarsbevisst og jobbar sjølvstendig
- du kan inspirere andre og har gode samarbeidsevner
- du jobbar godt i team
- du er strukturert, analytisk og har lett for å sette deg inn i nye problemstillingar
- du er ein pådrivar og får jobben gjort
Dette får du hos oss
- fast stilling som rådgivar med årsløn frå kr 550 000 – 750 000 eller som seniorrådgivar med årslønn frå kr 700 000 – 950 000, avhengig av kvalifikasjonane dine. For særleg kvalifiserte kandidatar kan høgare lønn vurderast.
- interessante og utfordrande oppgåver innan digitalisering og forenkling av Noreg
- eit godt arbeidsmiljø med uformell tone der me alle er på hels
- gode moglegheiter for fagleg utvikling og ei raus stipendordning
- fleksibel arbeidstid med god balanse mellom arbeidsliv og privatliv
- gode velferdsordningar i alle livsfasar og moglegheit for trening i arbeidstida
- medlemskap i Statens pensjonskasse som har ei av landet sine beste pensjonsordningar, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
- moderne kontorlokale med fantastisk utsikt over Helgelandskysten. Les meir om vår flotte arbeidsplass og byen vi bor i.
Vi kan hjelpe til med å skaffe bustad, og flyttekostnadar kan bli dekte etter nærmare avtale. Ved flytting til Brønnøysund kan husleige bli dekt med inntil 10 000 kroner dei første 6 månadane etter oppstart av arbeidsforholdet. Dette er skattepliktig inntekt.
Vi har eit rekrutteringssamarbeid med Brønnøy kommune og Digitaliseringsdirektoratet. Har du ein partnar som har behov for jobb i Brønnøysund, kan vi formidle kontakt med dei.
Inkludering og mangfald er viktig for oss
Vi ønsker å vere ein inkluderande arbeidsplass, der vi speglar mangfaldet i befolkninga. Vi treng medarbeidarar med ulik erfaring, bakgrunn, kompetanse og kvalifikasjonar for å løyse samfunnsoppdraget vårt.
Har du hol i CV-en, nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for det når du søker stilling hos oss. Vi kallar inn minst ein kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Bu i Brønnøysund
Brønnøysund er ein triveleg liten kystby sør på Helgeland. Vi har korte avstandar til det meste og masse vêr – uansett årstid! Er du glad i naturopplevingar har vi eit utal moglegheiter. Moglegheitene er mange også for deg som heller føretrekk ein tur på kafe eller restaurant, er opptatt av kultur eller ulike treningsmoglegheiter innandørs.
Har du studielån og bur i Brønnøy kommune kan du få nedskrive lånet kvart år til det er nedbetalt. Les meir om ny ordning for sletting av studielån.
Korleis er det å jobbe hos oss sånn eigentleg?
Vi vil du skal føle deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hos oss. Dersom du er aktuell for stillinga, tilbyr vi deg ein omvend referansesjekk. Det betyr at du får ringe nokre av våre medarbeidarar og stille dei spørsmåla du måtte ønske for å finne betre ut om vi er ein god match.
Verd å merke seg før du søker
Når du søker på denne stillinga, treng du ikkje å skrive eit søknadsbrev. For oss er det meir nyttig at du leverer ein beskrivande CV der du får fram kva du har gjort tidlegare som gjer deg kvalifisert til jobben.
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Ønsker du å bli unntatt frå den offentlege søkarlista, må du grunngi kvifor. Vi tar kontakt med deg dersom vi ikkje tar ønsket ditt til følgje, og du får moglegheit til å trekke søknaden din.
For å bli vurdert som søkar, må du legge ved relevante attestar og vitnemål. Vitnemål frå utdanning tatt i Noreg lastar du opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vi satser først og fremst på folk, og det har gjort oss til etaten med best omdømme i Norge. Hos oss får du utvikle deg faglig samtidig som du har en god balanse mellom jobb og fritid. Vi vet at de beste løsningene skapes av mennesker som trives både på og utenfor jobb.
Bli med på laget som gjør det enklere å drive virksomhet i Norge og som leverer dataene som holder samfunnet i gang. Nå kan du bli en av våre 470 kolleger på Norges vakreste arbeidsplass.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7de43b82-8b32-440c-bc04-f7c4b6822016
- Sist endret
17. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10292016