Har du erfaring frå arbeid på legevakt?
Alver kommune
Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar fast helgestilling på legevakt
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Antall stillinger
- 1
- Mulighet for hjemmekontorAI
- Ingen mulighet for hjemmekontor
Bruk av kunstig intelligens
Om stillinga og Nordhordland legevakt
Vi har no ledig ein fast 20 % stilling med arbeid kvar 3. helg ved Nordhordland legevakt.
Nordhordland legevakt er ei interkommunal legevakt for 7 medlemskommunar (Austrheim, Fedje, Gulen, Alver, Masfjorden, Modalen og Osterøy). Legevakta ligg sentralt i Knarvik og er ein flott arbeidsplass i nytt helsehus. Legevakta er organisert etter vertskommunemodell med Alver kommune som vertskommune. Befolkninga i vårt område utgjer ca. 46 000 innbyggjarar. Næraste sjukehus er Haraldsplass Diakonale Sykehus og Haukeland universitetsykehus.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og triagering av pasientar
- Vurdere, observere og behandle akutt sjuke pasientar i tett samarbeid med lege
- Prøvetaking og laboratoriearbeid Dokumentasjon i journalsystem ( Infodoc)
Kvalifikasjonskrav
- Autorisert sjukepleiar
- Er du medisinstudent som har fullført 3. året kan du og søke
- Sjukepleiarstudent som er ferdig utdanna sommar 2026 kan vurderast til stillinga
Kven er du?
- Du har interesse og motivasjon for arbeid på legevakt
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du likar å arbeide både sjølvstendig og i team
- Du trivst med høgt arbeidstempo og varierte oppgåver
Vi tilbyr
- Fagleg spennande og utfordrande oppgåver
- Sjukepleiare i Alver kommune har pr. dd. kr 10 000,- over garantilønn i tariffavtalen
- Godt arbeidsmiljø
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltredelse
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
af3e5bbd-89d6-466f-b8c2-4bf4fa9d44a4
- Sist endret
19. mai 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
462393320