Lege til fast "Nordsjøturnus" på natt
Alver kommune
Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø
Om jobben
- Stillingstittel
- Lege til fast "Nordsjøturnus" på natt
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. juni
Om stillinga
Vi søkjer deg som ønskjer å arbeide som lege ved Nordhordland legevakt i fast "nordsjø" turnus på kveld/natt. Det er tre legar som roterer i ein 3.vekers turnus. Vaktene vil være nattevakter, og du arbeider 7 vakter med kveld og natt per arbeidsperiode. I etterkant av arbeidsveka di har du 14 dagars arbeidsfri.
Stillingsprosent vil vera 80% i planlagt vaktoppsett, men vi tilrettelegg for 90% der 10% blir for oppdatering og kurs i frivekene. Vi kan også tilby ALIS avtale i kommunen.
Du jobbar sjølvstendig, eller saman med ein annan legekollega, og du inngår i eit team av dyktige legar og sjukepleiarar. Du har vakt i lokala til NHLV, og rykker ut til hendingar der det er behov.
Dersom du ikkje bur nærme nok til å dagpendle til Alver kommune, stiller vi med bustad når du er i vaktperiodane dine. Du vil også få dekka køyregodtgjersle eller reise etter avtale til/frå når du kjem reisande til vaktperioden din.
Om Nordhordland legevakt
Nordhordland legevakt (NHLV) er organisert som ei av tre avdelingar under tenesteområde lege- og rehabilitering. Nordhordland legevakt er lokalisert i moderne lokaler på Helsehuset i Knarvik. På dagtid er legevakta for Alver kommune. På kveld, natt og helg er legevakta interkommunal for 7 kommunar. Innbyggjertalet i vaktdistriktet er om lag 46 000. Det er 2 legar på vakt og 2- 4 sjukepleiare, avhengig av tidspunkt på døgnet.
Nordhordland legevakt har om lag 24 årsverk i faste stillingar. Legearbeidet blir utført av fastlegar og legar med hovedstilling andre stader i eller utanfor kommunane. Gjennom eit år er om lag 100 medarbeidarar knytt til legevakta. Legevaktsentralen er bemanna av sjukepleiarar.
Arbeidsoppgåver
- Undersøke, vurdere og behandle pasientar som oppsøkjer legevakta
- Ivareta funksjon som vaktlege kobla til nødnett
- Bidra til god samhandling mellom øvrig personell, fastlegar, ambulanse og andre aktørar
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som lege
- Gjennomført LIS1 - teneste
- Erfaring frå legevakt og kommunale helsetenester, eller anna relevant erfaring
- Du er vaktkompetent, eller er villig til å bli det
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Førarkort klasse B
Dersom du har gjennomført akuttmedisinkurs og er vaktkompetent er dette eit føremon
Kven er du?
- Har gode kommunikasjonsevner med både pasientar og kollegaer
- Er løysingsorientert og kan snu deg raskt i ein spennande og hektisk arbeidskvardag
- Er robust og kan tåle skiftet mellom dei akutte situasjonane, og dei meir vanlege konsultasjonar
- Er tålmodig, og har evnen til å prioritere arbeidsoppgåver
- Du er ansvarleg, og er ryddig i forhold til pasienthåndtering
Dei personleg eigenskapar ovanfor vil bli lagt vekt på.
Me tilbyr
- Stor grad av variasjon og sjølvstende i arbeidet
- Eit svært kompetent og breitt fagmiljø i Helsehuset
- Løn etter avtale
- Gratis parkering
- Dekka køyregodtgjersle, eller reise etter avtale, til/frå vaktperiode
- Bustad i vaktperiodane, dersom du ikkje bur nærme nok til å dagpendle
- Arbeid i turnus 7 dager på, 14 dager av
- Gode forsikrings- og pensjonsordninger i KLP
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova §5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
27c335fd-31c7-4cd7-a422-66f048275cc3
- Sist endret
8. juni 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10299077