Opplæringsansvarleg Helseplattformen HMR
Klinisk IKT, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N, Kløvertunvegen 1, 6103 Volda, Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Opplæringsansvarleg Helseplattformen HMR
- Oppstart
- 4. mai 2026
- Type ansettelse
- Engasjement, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. april
Vi lyser no ut to spennande engasjement til vårt opplæringsteam i Klinisk IKT, avdeling for E-helse og teknologi. Oppstart 4. mai, eller etter avtale.
Avdeling for E-helse og teknologi er motoren bak digitaliseringa i Helse Møre og Romsdal. Her arbeider vi med å utvikle og drifte moderne IT-løysingar og medisinsk teknologi som gir auka pasienttryggleik, betre arbeidsflyt og meir effektiv behandling.
Stillingane har hovudansvar for å ha oversikt over arbeidsflytar i Helseplattformen for ulike faggrupper i helseføretaket, samt koordinere og gjennomføre opplæring for desse.
De vil bli ein del av HMR sitt opplæringsteam og vil i fellesskap dekke opplæring for både sjukepleiefaglege grupper og legar. Arbeidstad kan vere Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund.
Arbeidsoppgåver
- Planleggje og gjennomføre opplæring for sjukepleiefaglege grupper og legar i tett samarbeid med opplæringsteamet i HMR
- Følgje opp med leiarar, fagsjukepleiarar og kontaktpersonar på avdelings- og klinikknivå for å sikre at opplæringa blir tilpassa dei ulike behova i helseføretaket
- Bidra til at helsepersonell har den nødvendige kompetansen til å bruke Helseplattformen i sitt daglege arbeid
- Delta aktivt i kvalitetssikring av fagleg innhald i opplæringsmateriell og kurs
- Stillinga krev fysisk tilstadevering i klinikk/sjukehus fleire dagar i veka
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan helse, fortrinnsvis sjukepleie
- Må ha klinisk erfaring i bruk av Helseplattformen
- Ønskjeleg med erfaring frå opplæring og rettleiing
- Erfaring med å utvikle og tilpasse opplæringsmateriell
- Pedagogiske evner og gode kommunikasjonsevner
Personlege eigenskapar
- Strukturert og sjølvstendig med god gjennomføringsevne
- Evne til å tilpasse opplæring etter behov og nivå
- Gode samarbeidsevner og evne til å motivere og rettleie andre
- Engasjement for fagleg kvalitet og kontinuerlig forbedring
- Løysningsorientert og fleksibel i ein dynamisk arbeidskvardag
- Relasjonsbyggjar som trivst med samarbeid på tvers av fagmiljø
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Fagleg utvikling og samarbeid med dyktige kollegaer
- Eit inkluderande og innovativt arbeidsmiljø
- Moglegheit for å påvirke eigen arbeidskvardag og arbeidsoppgaver
- Fleksibel arbeidstid
- Løn etter gjeldande overeinskomster
- Medlemskap i god offentlig pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.Kontaktinformasjon
Silje Johanne Farstad, Seksjonsleiar, +47 97745150
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5101952146
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 04.05.2026
Sluttdato: 30.04.2027
Søknadsfrist: 12.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Silje Johanne Farstad
Seksjonsleiar
+47 97745150
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
adf81d8f-a4db-4a2a-8a55-e56810857012
- Sist endret
30. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b0a08a3c1b9645f69d360afa0f5b624d