Seksjonsleiar
Sengepost Medisin 1 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Om jobben
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 5. mai
Sengepost Medisin 1 SNR har ledig 100% fast stilling som seksjonsleiar frå 01.06.2026. Oppstart i stillinga, etter avtale med leiar.
I slutten av april 2025 flytta vi inn i nye lokaler på Hjelset. Sengeposten har 15 senger og ligg i 6 etg., og er samlokalisert med sengepost kirurgi.
Sengepost Medisin 1 inneheld fagområda kreft, palliasjon og hematologi. Du vil inngå som ein del av leiargruppa ved medisinsk avdeling og ha leiaransvar for sjukepleiarane, helsefagarbeidarane og assistentane som er knytt til sengeposten. Legar og anna støttepersonell vert leia av sine respektive seksjonsleiarar. Du vil samarbeide tett med leiarar for dei andre sengeområda, akutt 24, intensiv og akuttmottak.
Sengepostane Medisin 1,2 og 3 har ein viktig funksjon i sjukehuset sitt akutt beredskap, og vi er stolte av å kunne arbeide i nye og tilrettelagte lokaler med nytt medisinsk teknisk utstyr. Det er stort fokus på fagleg utvikling blant våre tilsette, og vi har eit godt samarbeid med ansvarlege legar for dei ulike fagområda.
Vi søkjer etter ein leiar som brenn for fagleg utvikling, er løysingsorientert og som bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø. Vi håper derfor at du har lyst til å leie og utvikle sengeposten til det beste for tilsette og pasientar.
Arbeidsoppgåver
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) har fleire tverrgåande klinikkar som ligg under Helse Møre og Romsdal HF. Den somatiske aktiviteten på Hjelset er samla under klinikk SNR, med lokalt plassert klinikksjef. Stillinga som seksjonsleiar er plassert under avdelingssjef medisin SNR.
- Seksjonsleiar har ansvar for dagleg drift og utvikling av seksjonen i nært samarbeid med avdelingssjef.
- Seksjonsleiar har ansvar for at seksjonen blir driven i samsvar med gjeldande lover/forskrifter, interne retningslinjer og innanfor gjeldande økonomiske rammer.
- Seksjonsleiar skal sørge for at arbeidet skjer i samsvar med dei faglege standarane og kvalitetskrav som til ei kvar tid gjeld.
- Seksjonsleiar har eit samla personal-, budsjett og fagleg ansvar for seksjonen, og skal sikre bemanning og drift etter gitte rammer.
- Seksjonsleiar skal leggje til rette for god kvalitet og fagleg utvikling også med fokus på standardisering.
- Seksjonsleiar må ha fokus på utvikling og motivering av medarbeidarar.
- Seksjonsleiar må vise initiativ og innsats for utvikling av heile avdelinga, klinikken og føretaket.
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar eller anna 3. årig helsefagleg utdanning.
- Leiarutdanning er ønskeleg, men ikkje påkrevd.
- Leiarerfaring er ønskeleg, men ikke påkrevd.
- Erfaring frå samarbeid på tvers av faggrupper og organisatoriske einingar
- Klinisk erfaring er ønskeleg
- Gode datakunnskapar
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Personlige eigenskaper vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer ein leiar som er synleg og tydeleg for sine tilsette og seksjonen
- Er opptatt av. og veit kva som skal til for å skape eit godt arbeidsmiljø
- Er engasjert og har stor arbeidskapasitet
- Har fokus på endringsleiing og utvikling
- Er nysgjerrig på nyskapning
- Målbevisst
- Resultatorientert
- Gode samarbeidsevner
- Gode kommunikasjonsevner
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Petter Rangnes, Avdelingssjef, 93213181, Petter.Rangnes@helse-mr.noArbeidssted
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5112171645
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
937bb14a-df52-4520-8578-44a5b151f317
- Sist endret
21. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c54244e9340f489399ca23f11bc8dbb6