Pianopedagog 23% fast stilling
Alver kommune
Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø
Om jobben
- Stillingstittel
- Pianopedagog 23% fast stilling
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 10. juni
Om stillinga
Alver kulturskule har ledig 23% fast stilling som pianopedagog - slik undervisninga er organisert no har stillinga pianoundervisninga lagt til kulturskulehuset i Knarvik ein undervisningsettermiddag/kveld for veka.
Tilsetjinga skjer i Alver kommune, med tenestestad ved Alver kulturskule. Dersom det vert endring av elevgrunnlag eller personalsamansetjing ved skulen må evt. endring av undervisningsstad og stillingsinnhald kunne påreknast. Den som vert tilsett har ôg plikt til å delta på stabs- og planleggingsmøta ved kulturskulen som ein del av stillinga. Talet på møte vert rekna ut etter stillingsstorleik.
Om Alver kulturskule
Kulturskulen i Alver er ein viktig del av kulturlivet i kommunen og har eit personale med svært høg kunstfagleg og pedagogisk kompetanse. Kulturskulen har i dag om lag 750 elevplassar innan kunstformane musikk, teater, dans og visuell kunst, og er ein samarbeidspart for dei ti skulekorpsa i kommunen. Undervisninga er desentralisert, men hovuddelen av undervisninga vår finn stad på Manger, Frekhaug og i Knarvik og finn stad etter grunnskulen sin undervisningsdag.
Arbeidsoppgåver
Undervisning av einskildelevar, prosjekt i grupper og samspel, i tillegg til samarbeid med andre kulturskuledisiplinar og lokalt lagsliv.
Akkompagnement av både nybyrjarar og vidarekomne elevar på ulike instrument/songarar.
Deltaking i felles kulturskuleprosjekt; konsertar og framsyningar både lokalt og regionalt.
Kvalifikasjonskrav
- Relevant kulturfagleg og pedagogisk høgskuleutdanning med piano som hovudinstrument.
- Relevant erfaring som pianopedagog og akkompagnatør innan skuleslaget.
- Me har norsk som undervisningsspråk og er ein nynorskkommune.
- Godkjent politiattest i samsvar med Opplæringslova må leverast før tiltrede.
- Det vert gjennomført prøvespel i samband med intervju.
- Personlege eigenskapar som engasjement og initiativ, og glede i å undervise born og unge vert vektlagt.
Kven er du?
Du har evne og vilje til å byggja gode relasjonar, samarbeid og kunne jobba i team
Du har godt humør, er fleksibel, løysingsorientert og har eit stort engasjement for faget og elevane
Du tek initiativ og ansvar, og er ein positiv bidragsyta
Me tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til ein person / livet til mange
- Oppfølging og rettleiing
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med opplæringslova § 10- 9 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
- barnevernlova § 6-10, 1. ledd
- opplæringsl § 10- 9 / barnehagel § 19
- helse- og omsorgstenestelova § 5-4
- brann- og eksplosjonsvernlova § 18
Kontaktperson for stillingen
Camilla Søderstrøm Tveit
rektor Alver kulturskule
+4756375070
Om bedriften
Kulturtenesta i Alver er organisert i fire avdelingar med til saman kring 90 tilsette, og leverer tenester innan kulturskule, bibliotek, idrett, ungdomsklubbar, musikk, kulturvern, friluftsliv, scene, kulturbygg og frivilligsentralar.Kultur sine tenester er desentraliserte, og har hovudkontor i Knarvik.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
adecffe4-059c-4858-ab16-84d34fa5a214
- Sist endret
2. juni 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10298316