Hopp til innhold

Øygarden kultrskule

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Kulturskulen

Sted

Arefjordvegen 290, 5355 Knarrevik

Om jobben

Stillingstittel
60% fast pianolærar
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest lørdag 15. august

Vil du vere med å skape musikkglede og læring for barn og unge? Då er vi interesserte i å jobbe med deg. Vi søkjer ein kreativ og engasjert pianolærar i 60 % fast stilling. Undervisninga omfattar både individuelle timar og gruppeundervisning, med rom for samspel og utvikling.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i piano for elevar på ulike nivå, både individuelt og i grupper
  • Planlegging og gjennomføring av undervisning som fremjar utvikling, meistring og speleglede
  • Oppfølging av elevar og kommunikasjon med føresette
  • Deltaking i konsertar, framsyningar og andre arrangement
  • Bidra til tverrfagleg samarbeid og prosjektarbeid internt i kulturskulen
  • Bidra til utvikling av fagtilbodet og pedagogisk utviklingsarbeid i kulturskulen
  • Bidra til eit inkluderande og raust arbeidsmiljø.
  • Reising mellom undervisningsstadene må påreknas

Kvalifikasjonar

Må ha:
  • Relevant høgare musikkutdanning med hovudinstrument piano
  • Pedagogisk utdanning eller erfaring frå undervisning.
  • Brei musikalsk kompetanse og evne til å undervise i ulike sjangrar
  • Dokumentert realkompetanse kan i særskilte tilfelle erstatta formell kompetanse
  • Førarkort klasse B.
Ønskjeleg med:
  • Erfaring med og interesse for gruppeundervisning er ein fordel
  • Personlege eigenskapar
    • Du er ein tydeleg og inspirerande lærar som skaper gode relasjonar til elevar
    • Du er strukturert, sjølvstendig og har god gjennomføringsevne
    • Du har engasjement for barn og unge si kunstnariske utvikling
    • Du er fleksibel og positiv til samarbeid på tvers av fag
    • Du er utviklingsorientert og open for nye arbeidsformer, inkludert gruppeundervisning
    • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø

    Vi tilbyr:

    • Eigen arbeidsplass med tilgang til øvingsrom på Liljevatnet.
    • Tenestebil ved behov.
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
    • Interessante utfordringar
    • Høve til fagleg og personleg utvikling

    Kontakt

    Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

    Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Benjamin Hogstad

    rektor

    +47 926 21 887

    Benjamin.Hogstad@oygarden.kommune.no

    Om bedriften

    Øygarden kulturskule tilbyr undervisning i musikk, teater, dans, visuell kunst, film og fleire andre kunstfag. Undervisninga skjer både på Liljevatnet og på fleire skular rundt om i kommunen. Tilbodet er ope for alle innbyggjarar, med hovudvekt på barn og unge frå 0–20 år. Kulturskulen samarbeider tett med grunnskular og barnehagar, har musikkterapitilbod på fleire institusjonar og står også ansvarleg for Den kulturelle skulesekken i Øygarden. Målet er å gi elevar høve til å utvikle kunstnariske evner, utforske nye interesser og byggje fellesskap gjennom kreative aktivitetar.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    dc0337b4-54e8-4d18-beb8-fd9be3da0d4b

    Sist endret

    16. juni 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3638495_210201_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser