Psykomotorisk fysioterapeut 100% avtaleheimel
Alver kommune
Kvernhusmyrane 11, 5914 Isdalstø
Om jobben
- Stillingstittel
- Psykomotorisk fysioterapeut - 100% avtaleheimel
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. juli
Om stillinga
Vi har no ledig 100 % avtaleheimel for fysioterapeut med kompetanse innan psykomotorisk fysioterapi. Driftstilskotet er knytt til Nordhordland fysioterapi AS i Knarvik. Oppstart etter nærare avtale.
Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å utvikle ein etablert praksis, med pasientgrunnlag og solide faglege rammer!
Om Nordhordland fysioterapi
Nordhordland fysioterapi ligg sentrumsnært i Knarvik, regionsenteret i Alver kommune. Instituttet kan nåast både med ekspressbuss (35min) og hurtigbåt (40 min) frå Bergen sentrum.
Instituttet er organisert som aksjeselskap (AS) og har fem fysioterapeutar med avtaleheimel. Fysioterapeuten som går av har spesialisering innan psykomotorisk fysioterapi, og Alver kommune ønskjer å vidareføre denne viktige kompetansen.
Dei øvrige fysioterapeutane har brei og lang erfaring innan mellom anna allmenn fysioterapi, manuellterapi og behandling av lip- og lymfødem. Instituttet har eit godt fagmiljø med vekt på samarbeid og fagleg utvikling.
Nordhordland fysioterapi er eit av 8 institutt i Alver kommune, med tilsaman 22 privatpraktiserande fysioterapeutar. Avtalefysioterapeutane er ein del av fysioterapitenesta i kommunen, i tillegg til kommunal tilsette fysioterapeutar, ergoterapeutar og hjelpemiddelteknikarar.
Om avtaleheimelen
Som fysioterapeut skal du driva praksis i tråd med overordna mål og strategiar for helsetenesta i Alver kommune, helse- og omsorgstenestelova, samt dei til ei kvar tid gjeldande avtaleverk for fysioterapeutar (ASA 4303 og ASA4313) og eventuelt interne samarbeidsavtalar.
Tildeling av avtaleheimel skjer i samsvar med ASA 4313. Tildeling av avtaleheimel er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging, vurdering og behandling innan psykomotorisk fysioterapi
- Oppfølging av pasientar over tid
- Samarbeid med fastlegar, spesialisthelsetenesta og andre samarbeidspartnarar
- Bidra til utvikling av praksisen og det samla tenestetilbodet
Kompetansekrav
- Norsk autorisasjon som fysioterapeut med A9 kompetanse
- Kompetanse og erfaring innan psykomotorisk fysioterapi
- Gode norskkunskapar, munnleg og skriftleg.
I tillegg ønskjer vi gjerne at du har:
- Kompetanse og erfaring innan psykomotorisk behandling av barn og unge
- Kunnskap og erfaring innan behandling av mennesker med traumelidingar
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid
- Innsikt i inntaks- og prioriteringsarbeid, venteliste og venteliste-reduserande tiltak
Kven er du?
- Du er sjølvstendig og har erfaring som privatpraktiserande fysioterapeut
- Du har evne og vilje til å bidra aktivt i drift og utvikling av praksisen
- Du arbeider kunnskapsbasert og held seg fagleg oppdatert
- Du har god på kommunikasjon og samarbeidar godt med kollegaer og andre samarbeidspartar
- Du har evnge til å skape tillit, skapar gode relasjonar til pasientane og er trygg i terapeutrolla
- Du bidreg i arbeidet med utvikling og kontinuerleg forbetring av fysioterapitenesta i Alver kommune
- Du er løysningsorientert, fleksiben og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Politiattest
I tråd med [helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Me tilbyr
- Ei meiningsfull rolle med stort fagleg ansvar
- Moglegheit til å vidareføre og utvikle ein etablert praksis
- Eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer
- Gratis parkering
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
31151d80-7400-4f03-9e87-f77d0adb429a
- Sist endret
16. juni 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10299943