Hopp til innhold

Søkjer bioingeniør i grunnstilling - hos oss får du både fagleg vekst og gode vilkår

Arbeidsgiver

Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen HF

Sted

Sjukehusvegen 16, 5704 Voss

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Bioingeniør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Ser du etter ein jobb med variasjon innan fleire fagfelt og eit godt arbeidsmiljø?

Laboratoriet ved Voss sjukehus har ledig 100% fast stilling som bioingeniør, og vi søkjer etter deg  som ønskjer å vere med på å utvikle vårt medisinske laboratorium. Vi tilbyr ein variert og spanande arbeidskvardag med stor fagleg breidde, eit godt arbeidsmiljø og tett samarbeid med andre profesjonar på sjukehuset.

Kva kan vi tilby deg?

Fagleg mangfald: Du får arbeide innan fleire laboratoriefagfelt som gir høve til fagleg utvikling på tvers av spesialitetar. Laboratoriet omfattar mellom anna hematologi og koagulasjon, klinisk kjemi/immunkjemi, preanalyse og blodprøvetaking, transfusjonsmedisin og mikrobiologiske hurtigtestar. Vi tilbyr eit godt opplæringsprogram for nytilsette og legg til rette for vidare kompetansebygging.

Kjekt og inkluderande arbeidsmiljø: Hos oss møter du eit triveleg og engasjert team der vi støttar kvarandre, deler kunnskap og jobbar saman for å levere trygge og presise laboratorietenester.

Balanse mellom jobb og fritid: Turnusordninga gir rom for fleksibilitet og fri på dagtid i vekedagar.
Voss er omgitt av fin natur og har eit rikt utval av aktivitetar året rundt – frå fjellturar, sykling og rafting til alpint og paragliding. Her finn du ein arbeidskvardag som let seg kombinere med eit aktivt liv utanfor jobben. Som ein bonus får du årskort ved Voss Resort det første året, slik at du kan kombinere arbeid og fritid i dei flotte omgjevnadene rundt Voss.

Kultur og fellesskap: Voss har eit levande lokalmiljø med festivalar som Vossajazz, Ekstremsportveko og Voss Cup, samt eit breitt kulturtilbod og sterke idrettstradisjonar.

Konkurransedyktige lønns- og vilkår: Vi tilbyr løn etter overeinskomst, samt eigne tillegg som verdset både kompetanse og tilknyting. For deg som kjem utanfrå, har vi gode ordningar for bustad og flytting.

Voss – ei bygd i vekst!
Voss er ikkje berre ein idyllisk stad å bu, men også eit knutepunkt for transport med god tilknyting til både Bergen og andre populære destinasjonar på Vestlandet. Togturen til Bergen tek berre 1 time og 15 minutt, og med bil er du der på om lag 1 time og 35 minutt.

Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande. Studentar som får autorisasjon til våren vert óg oppfordra og til å søkje.

Oppstart etter avtale.

Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF. For meir informasjon om sjukehuset, les her


Arbeidsoppgåver

Som vaktgåande bioingeniør i turnus vil du i det daglege rullere mellom ulike fagspesifikke einingar innan feltet medisinsk biokjemi: preanalyse, klinisk kjemi/immunkjemi, hematologi og koagulasjon og pasientnær analysering.

Oppgåver knytte til transfusjonsmedisin og blodgivning inneber typing, screening og tapping av blodgivarar. Laboratoriet ved Voss sjukehus utfører óg ulike hurtigtestar innan fagområdet mikrobiologi.

Tilsette ved laboratoriet er ein del av traumeteamet på Voss sjukehus, noko som bidreg til å oppretthalde akuttfunksjonen ved sjukehuset. Laboratoriet ved Voss sjukehus er ein seksjon under Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi ved Haukeland universitetssjukehus. Rettleiing av studentar er difor òg ei viktig arbeidsoppgåve for tilsette på laboratoriet.

Det er arbeidshelg kvar 3. helg i tredelt turnus. Dette gir ei arbeidsveke på 35,5 time.

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør med norsk autorisasjon eller 3. års student som oppnår autorisasjon til våren
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg 

Personlege eigenskapar

  • Tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
  • Oppteken av god pasientbehandling
  • Bidreg positivt til arbeidsmiljøet
  • Set pris på å samarbeide med kollegaer, men har óg evne til å ta sjølvstendige avgjerder

Vi tilbyr

  • Ein arbeidsplass med breidde, variasjon og fagleg utvikling
  • Trygg og god opplæring for nytilsette
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre
  • Turnus 
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode vilkår med tillegg som verdset både kompetanse og tilknytning
    • Rekrutterings- og behaldartillegg på kr. 50 000,- per år (regulerast etter stillingsstorleik)
    • Kompetansetillegg på kr 15 000,- per år ved oppstart av aleinevakter (aften og natt)
  • Hjelp til bustad og flytting, samt fordelar for deg som kjem til Voss
    • Leiligheit med dekka husleige inntil kr. 6000,- per månad mot binding i 18 månader
    • Bo- og flyttegodtgjersle på inntil kr. 40 000,- første 12 månader dersom leiligheitstilbodet ikkje blir nytta

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Jesuni Jesunayagam, Seksjonsleiar, 91161535, jesuni.jesunayagam@helse-bergen.no
Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 99235074, ingunn.boro@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 16
5704 Vossevangen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5036768089
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.12.2025

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ac706fb9-6bf6-4646-9ebb-9e97a8d91d96

Sist endret

8. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

2e531fb64e52404babc5af8ed7e6ccea

Lignende annonser

Laster lignende annonser