Hopp til innhold

Vi søkjer etter bioingeniør i grunnstilling - hos oss får du både fagleg vekst og gode vilkår

Arbeidsgiver

MBF Voss, Laboratorieklinikken, Helse Bergen HF

Sted

Sjukehusvegen 16, 5704 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Bioingeniør
Oppstart
1. juni 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

Ser du etter ein jobb med variasjon innan fleire fagfelt og eit godt arbeidsmiljø?

Laboratoriet ved Voss sjukehus har ledig fast 100% fast stilling som bioingeniør, og vi søkjer etter deg  som ønskjer å vere med på å utvikle vårt medisinske laboratorium. Vi tilbyr ein variert og spanande arbeidskvardag med stor fagleg breidde, eit godt arbeidsmiljø og tett samarbeid med andre profesjonar på sjukehuset.

Kva kan vi tilby deg?

Fagleg mangfald: Arbeid innan fleire fagfelt som gir deg høve til å utvikle deg på tvers av spesialitetar. Vi tilbyr fagfelt innan hematologi og koagulasjon, klinisk kjemi/immunkjemi, preanalyse og blodprøvetaking, transfusjonsmedisin og mikrobiologi hurtigtestar.

Kjekt og inkluderande arbeidsmiljø: Vi har eit arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre og lærer av kvarandre.

Balanse mellom jobb og fritid: Voss er omgitt av fantastisk natur og har eit rikt tilbod av utandørsaktivitetar, frå fjellturar og rafting til alpint og paragliding. Her kan du både nyte naturen og ha ein aktiv livsstil.

Kultur og fellesskap: Voss har eit mangfaldig kulturliv med kjente festivalar som Vossajazz og Ekstremsportveko, samt Voss Cup med tusenvis av deltakarar kvart år.

Konkurransedyktig lønn og vilkår: Vi tilbyr løn etter overeinskomst, samt eigne tillegg som verdset både kompetanse og tilknytning. For deg som kjem utanfrå, hat vi gode ordningar for bustad og flytting.

Voss – ei bygd i vekst!
Voss er ikkje berre ein idyllisk stad å bu, men også eit knutepunkt for transport med god tilknyting til både Bergen og andre populære destinasjonar på Vestlandet. Togturen til Bergen tek berre 1 time og 15 minutt, og med bil er du der på om lag 1 time og 35 minutt.

Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande. Oppstart etter avtale. Studentar som får autorisasjon til våren vert óg oppfordra til å søkje.

Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF. For meir informasjon om sjukehuset, les her


Arbeidsoppgåver

Som vaktgåande bioingeniør i turnus vil du i det daglege rullere mellom ulike fagspesifikke einingar innan feltet medisinsk biokjemi: preanalyse, klinisk kjemi/immunkjemi, hematologi og koagulasjon og pasientnær analysering.

Oppgåver knytte til transfusjonsmedisin inneber mellom anna typing og screening. Laboratoriet ved Voss sjukehus utfører óg ulike hurtigtestar innan fagområdet mikrobiologi.

Tilsette ved laboratoriet er ein del av traumeteamet på Voss sjukehus, noko som bidreg til å oppretthalde akuttfunksjonen ved sjukehuset. Laboratoriet ved Voss sjukehus er ein seksjon under Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi ved Haukeland universitetssjukehus. Vegleiing av studentar er difor òg ei viktig arbeidsoppgåve for tilsette på laboratoriet.

Det er arbeidshelg kvar 3. helg i tredelt turnus. Dette gir ei arbeidsveke på 35,5 time.

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør med norsk autorisasjon eller 3. års student som oppnår autorisasjon til våren
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg 

Personlege eigenskapar

  • Tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
  • Oppteken av god pasientbehandling
  • Bidreg positivt til  arbeidsmiljøet
  • Set pris på å samarbeide med kollegaer, men har óg evne til å ta sjølvstendige avgjerder

Vi tilbyr

  • Løn etter overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Opplæringsprogram for nytilsette
  • 3-delt turnus
  • Årskort ved Voss Resort blir tilbydd ved rekruttering til Helse Bergen første tilsetjingsåret
  • Gode vilkår med tillegg som verdset både kompetanse og tilknytning
    • Rekrutterings- og behaldartillegg på kr. 50 000,- per år (regulerast etter stillingsstorleik)
    • Kompetansetillegg på kr. 15 000,- per år ved oppstart aleinevakter (aften og natt)
  • Hjelp til bustad og flytting samt fordelar for deg som kjem til Voss
    • Leiligheit med dekka husleige inntil kr. 6000,- per månad mot binding i 18 månader
    • Bo- og flyttegodtgjersle på inntil kr. 40 000,- første 12 månader dersom leiligheitstilbodet ikkje blir nytta


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 99235074, ingunn.boro@helse-bergen.no
Jesuni Jesunayagam, Seksjonsleiar, 91161535, jesuni.jesunayagam@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 16
5704 Voss

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5091921834
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.06.2026
Søknadsfrist: 06.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Jesuni Jesunayagam

Seksjonsleiar

91161535

jesuni.jesunayagam@helse-bergen.no

Ingunn Børø

Sjefbioingeniør

99235074

ingunn.boro@helse-bergen.no

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

08ca2cda-e091-464f-8d28-61fa23590ac7

Sist endret

12. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

be683f1170aa4a33ae550b7b8016e865

Lignende annonser