Sjukepleiarar søkjast til Heimetenesta Område Vest
Voss herad Heimeteneste sone vest
Sjukehusvegen 15, 5704 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiarar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 3
Søk på jobben
Søk senest onsdag 16. september
Sjukepleiarar søkjast til Heimetenesta Område Vest: Tre faste stillingar i 100 % stilling
Vil du vera ein del av eit fagleg sterkt miljø der ingen dagar er heilt like, der latteren sit laust mellom oppdraga, og der kollegaene stiller opp for kvarandre? Då håpar me at nettopp du vil søkja jobb hjå oss i Heimetenesta Område Vest.
Me er ei engasjert og dynamisk kollegagruppe i alle aldrar, med ulik bakgrunn og erfaring. Mangfald gjer oss sterkare, og difor ser me etter deg, anten du er nyutdanna, erfaren eller ein stad midt imellom. Avdelinga vår består i dag hovudsakleg av kvinner, og me oppmodar særleg menn til å søkja. Her vert du teken godt imot uansett kven du er, så lenge du har eit varmt hjarte for faget og menneska rundt deg.
Ledige stillingarHelse og omsorg i Voss herad arbeider etter tillitsmodellen, med pasienten i sentrum og medarbeidarar som kan, vil og tør.
Som sjukepleiar hos oss får du arbeida i eit kompetent fagmiljø med kunnskapsrike og dedikerte kollegaer. Me er stolte av eit godt arbeidsmiljø med høg trivsel, og me veit at god omsorg også krev gode arbeidsvilkår.
Me nyttar årsturnus som gir føreseieleg arbeidstid og god kontinuitet for brukarane våre. Som tilsett får du høve til å påverka eigen arbeidsrotasjon, med moglegheit for:
- To-delt eller tredelt turnus
- Langvakter i turnus
- Kombinasjonar som passar både drift og livssituasjon
- Rekrutteringstillegg på kr 30 000 ved 100 % stilling som sjukepleiar for nytilsette i Voss herad
- Løn etter gjeldande avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Leiarar som har tillit til medarbeidarane sine og ønskjer å gi ansvar
- Eigen kompetanseplan som sikrar kontinuerleg fagleg utvikling
- Nært tverrfagleg samarbeid
- Spanande arbeidsoppgåver og gode utviklingsmoglegheiter
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med stor fagleg breidde
Som sjukepleiar i Sone Vest vil du mellom anna:
- Utføra sjukepleiarfaglege oppgåver som kartlegging, behandling, observasjon og pleie
- Bidra til å ivareta brukarane sin identitet, eigenverdi og sjølvstende
- Handtera legemiddel på ein trygg og fagleg forsvarleg måte
- Dokumentera, saksbehandla og utarbeida samt evaluera tiltaksplanar
- Rettleia og læra opp kollegaer
- Bidra til fagutvikling og internundervisning
- Samarbeida med pasientar, pårørande, legar og anna helsepersonell
- Ta i bruk og vidareutvikla velferdsteknologi
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Førarkort klasse B
Me ønskjer medarbeidarar som:
- Er fagleg trygge og engasjerte
- Arbeider strukturert og sjølvstendig
- Tek ansvar og har god gjennomføringsevne
- Møter menneske med respekt, empati og omsorg
- Samarbeider godt med andre
- Ser moglegheiter når utfordringar oppstår
Og ja, det hjelper om du kan handtera både kvardagslege utfordringar og den evige jakta på kvar arbeidstelefonen vart lagd sist.
Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing
Søknad
Voss herad ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og inkludering. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Søk via søknadsportalen og legg ved relevante attestar, vitnemål og referansar. I samsvar med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar verte offentleggjorde sjølv om søkjar har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a928bd36-f03f-48ce-9284-20fea5d98141
- Sist endret
2. september 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3657635_213117_nn