Hopp til innhold

Vi søkjer etter bioingeniør i fagstilling - hos oss får du både fagleg vekst og gode vilkår 

Arbeidsgiver

MBF Voss, Laboratorieklinikken, Helse Bergen HF

Sted

Sjukehusvegen 16, 5704 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Fagbioingeniør 100 % fast stilling
Oppstart
1. juni 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

Ser du etter ein jobb kor du kan fordjupa deg innan eit fagområde?

Laboratoriet ved Voss sjukehus har ledig 100% fast stilling som fagbioingeniør, og vi søkjer deg som ønskjer å vere med på å utvikle vårt medisinske laboratorium. Vi tilbyr ein spanande arbeidskvardag der du får opparbeid deg fagleg spisskompetanse samstundes med at du får nytta breiddekompetansen din på vakt.

Kva kan vi tilby deg?

Fagleg mangfald: Du får arbeide innan fleire laboratoreifagfelt som gir høve til fagleg utvikling på tvers av spesialitetar. Laboratoriet omfattar mellom anna hematologi og koagulasjon, klinisk kjemi/immunkjemi, preanalyse og blodprøvetaking, transfusjonsmedisin og mikrobiologiske hurtigtestar. Vi tilbyr eit godt opplæringsprogram for nytilsette og legg til rette for vidare kompetansebygging. Utlyst fagstilling er knytta til fagområda hematologi, koagulasjon og transfusjonsmedisin.

Kjekt og inkluderande arbeidsmiljø: Hos oss møter du eit triveleg og engasjert team der vi støttar kvarandre, deler kunnskap og jobbar saman for å levere trygge og presise laboratorietenester.

Balanse mellom jobb og fritid: Turnusordninga gir rom for fleksibilitet og fri på dagtid i vekedager. Voss er omgitt av fin natur og har eit rikt utval av aktivitetar året rundt - frå fjellturar, sykling og rafting til alpint og paragliding. Her finn du ein arbeidskvardag som let seg kombinere med eit aktivt liv utanfor jobben. Som ein bonus får du årskort ved Voss Resort det første året som ansatt.

Kultur og fellesskap: Voss har eit levande lokalmiljø med festivalar som Vossajazz, Ekstremsportveko og Voss Cup, samt eit breitt kulturtilbod og sterke idrettstradisjonar.

Konkurransedyktig lønns- og vilkår: Vi tilbyr løn etter overeinskomst, samt eigne tillegg som verdset både kompetanse og tilknytning. For deg som kjem utanfrå, har vi gode ordningar for bustad og flytting.

Voss - ei bygd i vekst: Voss er ikkje berre ein idyllisk stad å bu, men også eit knutepunkt for transport med god tilknytning til både Bergen og andre populære destinasjonar på Vestlandet. Togturen til Bergen tek omlag 1 time og 15 minutt, og med bil er du der på om lag 1 time og 35 minutt.

Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande. Oppstart etter avtale.


Arbeidsoppgåver

  • Stillinga inngår i eit team saman med to andre fagbioingeniørar som deler oppgåvene knytta til oppfølging av analysar innan hematologi, koagulasjon og transfusjon
  • Oppfølging av analytisk kvalitetskontroll, i tillegg til innkøyring og verifisering av analytiske endringar
  • Ansvar for å fylgje opp seksjonen sine kvalitetskrav, dokumentasjon av metodar og utforming av prosedyrar
  • Gjennomføre utvida vedlikehald
  • Bidra i undervising og opplæring
  • Vere med på å utvikle og forbetre seksjonen sitt arbeid med kvalitet
  • Delta i dagleg rutine ved seksjonen
  • Andre arbeidsoppgåver kan òg vere aktuelle

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør. Det er ønskjeleg med minimun to års erfaring frå arbeid ved medisinsk laboratorium
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
  • Oppteken av god pasientbehandling
  • Bidreg positivt til arbeidsmiljøet
  • Set pris på å samarbeida med kollegaer, men har og evne til å ta sjølvstendige avgjerder
  • Du er målretta, og får oppgåvene gjort

Vi tilbyr

  • Trygg og god opplæring for nytilsette
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre
  • 3-delt turnus
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Årskort ved Voss Resort blir tilbydd ved rekruttering til Helse Bergen første  tilsetjingsåret
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode vilkår med tillegg som verdset både kompetanse og tilknytning
    • Rekrutterings- og behaldartillegg på kr. 50 000,- per år (regulerast etter stillingsstorleik)
    • Kompetansetillegg på kr. 15 000,- per år ved oppstart aleinevakter (aften og natt)
  • Hjelp til bustad og flytting samt fordelar for deg som kjem til Voss
    • Leiligheit med dekka husleige inntil kr. 6000,- per månad mot binding i 18 månader
    • Bo- og flyttegodtgjersle på inntil kr. 40 000,- første 12 månader dersom leiligheitstilbodet ikkje blir nytta

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. 

Kontaktinformasjon

Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 99235074, ingunn.boro@helse-bergen.no
Jesuni Jesunayagam, Seksjonsleiar, 91161535, jesuni.jesunayagam@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 16
5704 Voss

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5091929765
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.06.2026
Søknadsfrist: 06.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Jesuni Jesunayagam

Seksjonsleiar

91161535

jesuni.jesunayagam@helse-bergen.no

Ingunn Børø

Sjefbioingeniør

99235074

ingunn.boro@helse-bergen.no

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bc9f888b-6753-484b-b840-34b99f67bb35

Sist endret

12. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

19f38cf8961d4d9690edcf6ac426a1df

Lignende annonser