Hopp til innhold

Vernepleiar

Arbeidsgiver

PSK Sikkerheit, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Vernepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 6. mai

Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med plikt til å gi augeblikkeleg hjelp.  Avdelinga har omlag 185 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø.

Psykiatrisk klinikk sikkerheit består av ein sengepost og ein poliklinikk med ambulerande funksjon. Sengeposten har 3 døgnplassar og er ein sengepost for personar med alvorleg sinnsliding, der det også er ein betydeleg risiko for vald. Avdelinga tar imot pasientar både på frivillig og tvungen psykisk helsevern, inkludert pasientar som har dom på overføring til tvungen psykisk helsevern. Ambulant sikkerheitsteam er eit poliklinisk tilbod til same pasientgruppa, og som per i dag følgjer opp 11 pasientar ute i eigen bustad/tiltak.

I tillegg til å gi psykiatrisk behandling vil nokre sentrale oppgåver vere å kartleggje, vurdere og handtere risiko for vald. Vårt mål er å gje pasientane moglegheit til auka meistring av eige liv i ulike fasar av sjukdommen, samstundes som vi ivaretek vårt ansvar for samfunnsvernet. Dette gjer vi gjennom fagleg behandling og arbeidsform der miljøterapeutisk rehabilitering vert vektlagt. I tillegg gir den fysiske utforminga av nytt sjukehusbygg ei god og sikker ramme for arbeidet.

Les meir her: Psykiatrisk klinikk sikkerheit

Vi har ledig:

  • 1 x 100% fast stilling for vernepleiar
  • Startdato: etter avtale
  • PSK sikkerheit legg opp til en 50/50 kjønnsfordeling, der ein har minst 2 menn på kvart skift.


    Arbeidsoppgåver

    • Arbeid på sengepost, ambulant sikkerheitsteam, undervisning/rettleiing, vaktarbeid og tverrfagleg samarbeid
    • Vere aktiv deltakar i kontinuerleg fagutvikling i seksjonen
    • Gje psykiatrisk pleie og omsorg
    • Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg behandling på avdelinga
    • Ta del i oppgåver som til ei kvar tid ligg til seksjonen
    • Andre oppgåver etter avtale med leiar

    Kvalifikasjonar

    • Norsk autorisasjon som vernepleiar
    • Relevant vidareutdanning vil bli vektlagt
    • Relevant erfaring er ønskjeleg
    • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
    • Gode IKT-kunnskapar er ønskjeleg 
    • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

    Personlege eigenskapar

    • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
    • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider strukturert og målretta
    • Du kommuniserer og samarbeidar godt med pasientar, pårørande og kollegaer
    • Du er god til å sjå kva som må gjerast, både tilbyr og mottek gjerne hjelp
    • Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeidar stabilt under press
    • Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

    Vi tilbyr

    • Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling
    • Opplæring
    • Turnusordning med moglegheit for langvakter (12,5t)
    • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar

     

    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Marianne Engh Strandos, Seksjonsleiar, (+47) 577 14 331

    Arbeidssted

    Svanehaugvegen 2
    6812 FØRDE

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Helse Førde

    Referansenr.: 5113008783
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 06.05.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Marianne Engh Strandos

    Seksjonsleiar

    (+47) 577 14 331

    Om bedriften

    Psykiatrisk klinikk og NAV startar i byrjinga av 2019 eit samarbeidsprosjekt som skal bidra til at menneske med psykiske problem og/eller rusproblem kan komme i ordinært arbeid. Prosjektet arbeider etter metoden IPS (Individual placement and support) som forsking syner har gjeve gode resultat når det gjeld sysselsetting.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    abdf4ddd-2870-4fc5-af1d-1abb371d2f60

    Sist endret

    14. april 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    60235525b6614a03b3d736d7bbaa8fe0

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser