Hopp til innhold

Har du lyst til å vere ferievikar i heimesjukepleia i sommar?

Arbeidsgiver

Volda kommune, Heimeteneste

Sted

Sevrinhaugen 4, 6102 Volda

Om jobben

Stillingstittel
Vil du bidra som ferievikar i heimesjukepleia i sommar?
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest i overmorgen

Vi søkjer etter deg som har fylt 18 år og har lyst på ein meningsfull sommerjobb i heimetenesta. I tidsrommet  22.6- 16.8 kan vi tilby deg inntil 100 % stilling som ferievikar i heimesjukepleia i Volda kommune. Vi treng vikarar ved personalbasen i Volda sentrum (gruppe 1 og 2) og i Hornindal (gruppe 3). Vi treng også vikarar ved Folkestadtun omsorgsbustadar. 

Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ynskje om arbeidsstad. 

For studentar innan sjukepleie, vernepleie og medisin, kan kommunen tilby stipend på 10.000 kr per år. For dei som får sommarjobb i Hornindal er stipendet kr 20.000. For meir informasjon om vilkår og søknadsskjema, følg denne lenka: https://www.volda.kommune.no/aktuelt/stipend-for-helsefagstudentar-i-volda-kommune.170184.aspx 

Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte. 


Arbeidsoppgåver

  • Pleie, omsorg og praktisk bistand for heimebuande (i hovudsak eldre personar)
  • Bistå og tilrettelegge for brukarane sine gjeremål ut frå vedtak og tiltaksplanar
  • Jobbe for at brukarane skal oppleve ein kvardag der behova for tryggleik, meistring og brukarmedverknad vert ivaretatt
  • Det er arbeid i ulike stillingsprosentar i turnus, kor du kan arbeide dag, kveld, natt og helg. 

Kvalifikasjonar

Vi treng både sjukepleiarar, fagarbeidarar og assistentar 

  • Søkjarar må ha fylt 18 år og må ha gyldig arbeids- og oppholdsløyve
  • Søkjarar må meistre flytande norsk munnleg og skriftleg
  • Relevant praksis er ynskjeleg
  • Arbeid i heimejukepleia krev førarkort klasse B
  • Før oppstart i stilling må ein framlegge tilfredsstillande politiattest, og eigenerklæring i høve tuberkulose.

Personlege eigenskapar

Våre ferievikarar må:

  • Ta ansvar
  • Ha gode samarbeidsevner og fremme delingskultur
  • Vere strukturert, fleksibel og kan jobbe sjølvstendig
  • Vere engasjert, ha godt humør og bidra til eit positivt fellesskap
  • Vere løysingsorientert og ha gode haldningar

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi legg også vekt på lojalitet til Volda kommune sine verdiar: RAUS - MODIG - KOMPETENT - LÆRANDE.

Vi tilbyr

Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar! Du får møte mange nye menneske og får med deg ei god erfaring vidare i arbeidslivet. 

Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Tilsetjing skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Vi ber om at søkjarar oppgir namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden. 


I tillegg til stipendordning tilbyr Volda kommunen fylgjande lønsnivå til studentar innan helse- og sosialfag og medisin:

  • Sjukepleie- sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 85% av løn høgskuleutdanna - ferdig med 1 år (60 stp*)
  • Sjukepleie-, sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 90 % av løn høgskuleutdanna - ferdig med 2 og 3 år (120 og 180 stp*) 
  • Medisinstudentar - ferdig med 2 år (120 stp*) løn som 1 års sjukepleierstudent
  • Medisinstudentar - ferdig med 4 år (240 stp*) løn som 2 års sjukepleierstudent

* For å få utbetalt denne løna må dokumentasjon på fullført studieår vere innlevert innan utgangen av engasjementet.

Tilsettingar vert gjort fortløpande. 

Kontaktinformasjon

Jorunn Anne Tomasgard, Seksjonsleiar. Gr. 3 Hornindal, +47 94 86 72 06, jorunn.anne.tomasgard@volda.kommune.no
Ingeborg Mork Håskjold, Seksjonsleiar Gr. 2, +47 90 06 94 73, ingeborg.mork.haaskjold@volda.kommune.no
Vegar Batts. , Seksjonsleiar. Gruppe 1, +47 90 08 99 47, vegar.batts@volda.kommune.no
Elsebeth Melle, Avdelingsleiar. Heimetenester., +47 91 13 05 21, elsebeth.melle@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Sevrinhaugen 4
6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5054680397
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.02.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Elsebeth Melle

Avdelingsleiar. Heimetenester.

+47 91 13 05 21

elsebeth.melle@volda.kommune.no

Vegar Batts.

Seksjonsleiar. Gruppe 1

+47 90 08 99 47

vegar.batts@volda.kommune.no

Ingeborg Mork Håskjold

Seksjonsleiar Gr. 2

+47 90 06 94 73

ingeborg.mork.haaskjold@volda.kommune.no

Jorunn Anne Tomasgard

Seksjonsleiar. Gr. 3 Hornindal

+47 94 86 72 06

jorunn.anne.tomasgard@volda.kommune.no

Om bedriften

Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ab8110bd-36fb-426b-81bd-95117621052d

Sist endret

18. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

10441e35642e490e8e96a200e55606dc

Lignende annonser