Hopp til innhold

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Nore Neset ungdomsskule

Sted

Bjørnafjorden

Om jobben

Stillingstittel
Undervisningsstillingar (vikariat) ved Nore Neset ungdomsskule
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Nore Neset ungdomsskule har ledig undervisningsstillingar i vikariat slik:
Om lag 250 % undervisningsstillingar i vikariat med opgåver som kontaktlærar og/eller faglærar f.o.m. 01.08.26 t.o.m. 31.07.27.

Vi søker deg som vil vera med å bidra til trygt og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår.
Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling for alle. Lesing og arbeid med språk er også satsingsområde. 
Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.

Arbeidsstad
Nore Neset ungdomsskule ligg vakkert til ved Liafjellet i Hagavik. Skuleåret 2025-2026 har skulen 470 elevar. Verdigrunnlaget vårt bygger på tre fokusområde: "Meistring, tryggleik og anerkjenning". Forsking viser at elevane har størst utbyte av læringsarbeid saman med klassen, og vi organiserer opplæringa i basisfaga med å dela klassegrupper.
Du kan lesa meir om Nore Neset ungdomsskule på nettsida vår: www.nnus.no

Arbeidsoppgåver
Kontaktlæraroppgåve og undervisning i fleire fag på ungdomstrinnet.

Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vera godkjent av HK-dir.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stilling.

Eigenskapar
Du må vera ein relasjonsbyggar og ein trygg klasseleiar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø. Vi ønsker tilsette med god fagleg kompetanse og vilje til å prøva ut nye arbeidsmetodar. Du må vera fleksibel, ha gode samarbeidsevner og kunna delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.

Vi ser etter medarbeidarar som:
- er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell
- er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid
- er framtidsretta innan digital opplæring
- er fleksibel og har evne til å finna gode løysingar
- har gode evner til samarbeid og til å skapa gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer

Skulen har behov for kompetanse innan faga norsk, matematikk, engelsk, naturfag og spansk. Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen

For undervisningsstillingar kan du lesa meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.

Kontaktperson:
Øystein Holmaas, rektor,tlf 920 44 630, oho@bjornafjorden.kommune.no


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Øystein Holmaas

+47 920 44 630

oho@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

aadabbb2-e88a-434d-a64b-05bea08def59

Sist endret

16. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3593291_207797_nn

Lignende annonser