Hopp til innhold

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Os barneskule

Sted

Giskavollen 20, 5200 Os

Om jobben

Stillingstittel
Undervisningsstilling ved Os barneskule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Ved Os barneskule er det ledig undervisningsstillingar, 140 % fast og 100 % vikariat med moglegheit for meir, frå 1. august 2026

Arbeidsstad
Os barneskule ligg i sentrum av Os. Skuleåret 2025 - 2026 har vi 211 elevar og 31 tilsette. Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Ros og oppmuntring er vi rause med. Saman med foreldra lagar vi gode rammer rundt borna. Visjonen vår er "Livsglede og lærelyst". Les gjerne meir om skulen på nettsida: http://www.osbarn.gs.hl.no. Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling for alle. Lesing og arbeid med språk er også satsingsområde. 

Arbeidsoppgåver
Undervisningsstillingar, kontaktlærar og timelærar.

Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utdanning frå utlandet skal vera godkjent av HK-dir.

Ønska kvalifikasjonar
Skulen ønskjer fortrinnsvis lærarar med grunnskulelærarutdanning for 1.-7. trinn. Det er særleg ønskjeleg med kompetanse i begynnaropplæring i norsk og matematikk. I tillegg vil det vera ønskjeleg med gode digitale ferdigheiter, kompetanse i eit eller fleire av dei praktisk estetiske faga, samt kompetanse innan individuell til rettelagt opplæring (ITO). Det er det viktig å ha kjennskap til LK-20 og som kan sjå dei praktisk estetiske faga og kreativitet opp mot dei teoretiske faga, - og planleggja for tverrfaglegheit og djupnelæring. Skulen treng pedagogar som er tydelege og engasjerte rollemodellar og klasseleiarar. Ein må vera fleksibel og ha gode samarbeidsevner.

Vi ønskjer oss ein raus kollega med god relasjonskompetanse, samt ein som har positive haldningar, bidreg til å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø og er robust og har stor arbeidskapasitet. Søkjarane vil verta vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Ein føresetnad for tilsetjing er godkjent politiattest i høve opplæringslova.

Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar. Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang. Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registera seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Gløymt brukarnamn/passord" eller ta kontakt med Personalavdelinga.

Kontaktperson
Laila Aarbakke, Rektor, tlf: 476 70 291, laaa@bjornafjorden.kommune.no
Stian Lunde, avdelingsleiar, tlf. 93038850, stl@bjornafjorden.kommune.no

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Laila Aarbakke

Rektor

+47 476 70 291

laaa@os-ho.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

13003413-3b1e-475e-86ad-825f5388f9bd

Sist endret

16. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3593197_207775_nn

Lignende annonser