Hopp til innhold

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Halhjem barneskule

Sted

Halhjemsmarka 50, 5208 Os

Om jobben

Stillingstittel
Undervisningsstilling ved Halhjem barneskule
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Vikariat 100% lærarstilling skuleåret 2026/27 - med mogelegheit for fast stilling.

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling for alle. Lesing og arbeid med språk er også satsingsområde. Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk. Bjørnafjorden kommune med ca. 26.000 innbyggarar vil vere i sterk vekst i åra framover. Hausten 2022 opna ny E-39 til Bergen med halvering av reisetid.

Arbeidsstad
Halhjem barneskule ligg i sentralt i bustadområde på Halhjem og like ved 600- busslinja til Bergen. Skulen har elevar på 1.-4.trinn, og har i dag 107 elevar og i underkant av 20 medarbeidarar. Vi ligg like ved Søre Neset idrettsanlegg med fotballbaner, volleyballbane, skatepark, SPV-arena etc. Skulen ligg flott plassert med naturen tett på og gode fasilitetar for ein aktiv skuledag året rundt. Vårt arbeid er forankra i visjonen vår: «Med trivsel, tryggleik og læring opnar vi dører mot verda og framtida». Satsingsområda våre tek utgangspunkt i LK20 og vi jobbar kontinuerleg med grunnleggande ferdigheiter i lesing, skriving og rekning, i tillegg til at fysisk aktiv læring, FAL, står sentralt i vårt utviklingsarbeid og virke. Godt skule- og læringsmiljø er alltid i fokus.

Arbeidsoppgåver
Vikariat skuleåret 2026-27, med mogelegheit for fast stilling. Søker lærar med høgskuleutdanning GLU 1-7.trinn, som også kan vere kontaktlærar om eininga har trong for det.

Kvalifikasjonar
Godkjent GLU 1.-7.trinn frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir. God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune. I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar
Vi ønsker erfaring med begynnaropplæring i norsk, matematikk og engelsk, samt kompetanse innan spesialpedagogikk, TEACHH og ASK. Fint om søkar har kompetanse/interesse/erfaring med uteskule/friluftsliv og FAL, og har god kunnskap om digitale læremiddel o.l. Ønskeleg med kvalifikasjonar innan praktisk-estetiske fag som musikk og kunst- og handverk. Vi ser etter ein tydeleg, pliktoppfyllande og engasjert klasseleiar og rollemodell. Ein pedagog som er aktiv i lærarvirket og utviklingsarbeid, samt ein medarbeidar som bidrar til eit best mogeleg skule- og arbeidsmiljø for elevar og kollegiet.

Vi treng medarbeidarar som:
- har kunnskap om og kan nytte digitale hjelpemiddel som tavler og undervisningsmateriell.
- er kreativ og kan bruke alternative læringsarena (uteskule) og gjerne har god kjennskap til FAL
- kan ha symjeundervisning
- kan imøtekomme og legge til rette for elevar med ulike behov, samt er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar til elevanes beste
- har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegiet.

Søkarane vil bli vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng. Aktuelle søkarar blir kalla inn på intervju fortløpande.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter at søknadsfristen er gått ut, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustadseller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Kontaktperson:
Kristin Starheim Telefon: 996 91 262


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Kristin Starheim

Rektor

+47 99691262

ksta@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2791cbed-dd4d-49da-a2db-d76157e37556

Sist endret

16. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3593273_207781_nn

Lignende annonser