Barne- og ungdomsarbeidarar
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1013, 5966 Eivindvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Eivindvik barnehage og skule. Tilsetjing barne- og ungdomsarbeidar 80% fast
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 7. april
Om stillingane
Kom til Gulen og jobb som barne- og ungdomsarbeidar!
Dagsturhytta er flittig brukt av Eivindvik barnehage og skule, og turen frå skulen til Gulakvila er ein læringsarena i fleire fag. Eininga er oppteken av, og flinke til å nytte seg av naturen og elles nærområdet i undervisinga si.
Skulen ved Eivindvik barnehage og skule har rundt 60 elevar i 1. - 10. klasse. Klikk her for meir informasjon om eininga.
Eivindvik barnehage og skule har ledig 80% fast stillingar som barne- og ungdomsarbeidarar frå august 2026. Stillinga er i hovudsak knytt til avdeling skule og SFO, men arbeidsoppgåver i barnehage kan verte aktuelt ved behov. Arbeidsoppgåvene vil variere etter behovet ved eininga.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåver knytt til elevar frå Ukraina
- Arbeidsoppgåver knytt til enkeltborn
- Medverke til at skule, SFO og barnehage er ei god pedagogisk verksemd
- Bistå elevar i undervisingssituasjonen
- Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med borna
- Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemd
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse. Søkjarar utan formell utdanning kan også søkje og verte vurdert for mellombels stilling
- Det er ynskjeleg at ein kan kommunisere med flyktningar frå Ukraina på deira morsmål
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
- Er strukturert, men likevel kunne vere spontan i møtet med borna
- Fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2260 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a9cab279-4e23-4cb9-a1c2-ebbec26afe22
- Sist endret
25. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10288718