Hopp til innhold

Barne- og ungdomsarbeidar

Arbeidsgiver

Gulen kommune

Sted

Yndesdalsvegen 2719, 5961 Brekke

Om jobben

Stillingstittel
Brekke barnehage og skule. Tilsetjing barne- og ungdomsarbeidarar 2026/2027
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 12. april

Om stillingane 

Gulen kommune, for tida ved Brekke barnehage og skule, har ledig fylgjande stillingar: 

  • I inntil 100% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå medio august 2026. Stillinga er i utgangspunktet knytt til avdeling skule og SFO, men arbeidsoppgåver i barnehage kan vere aktuelt ved behov
  •  

    • I inntil 100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar for barnehageåret 2026/2027 (medio august 26/medio august 27). Stillinga er i utgangspunktet knytt til avdeling barnehage, men arbeidsoppgåver ved skule/SFO kan vere aktuelt ved behov

       

    • I inntil 100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå medio august 2026 til 31.01.2027, med moglegheit for forlenging. Stillinga er i utgangspunktet knytt til avdeling barnehage, men arbeidsoppgåver ved skule/SFO kan vere aktuelt ved behov

    Skriv gjerne i søknaden din dersom du søkjer konkret ein av dei ledige stillingane. 

    Me søkjer trygge og kreative personar som vil vere med og skape gode, innhaldsrike dagar for barna – og bidra til eit varmt og positivt arbeidsmiljø. 

    Brekke barnehage og skule består av 1-10-skule, SFO og ein barnehage. Sjå her for meir informasjon om barnehagen, og her for meir om skule og SFO.  


    Arbeidsoppgåver 

    • Medverke til at eininga er ei god pedagogisk verksemd
    • Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med borna
    • Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda
    • Nokre av fagarbeidarstillingane i eininga er knytt til arbeid med enkeltborn
    • Andre oppgåver som måtte kome til

    Kvalifikasjonar 

    • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse. Søkjarar utan godkjent utdanning kan verte vurdert for mellombels tilsetjing
    • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
    • Gyldig politiattest 

    Personlege eigenskapar 

    • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
    • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
    • Er strukturert, men likevel kunne vere spontan i møtet med borna
    • Fleksibel og har gode samarbeidsevner
    • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

    Anna 

    • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
    • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
    • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
    • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering 
    • Løn etter tariff 

    Kontaktpersoner for stillingen

    Liv Berit Svartemyr

    Avdelingsleiar barnehage ved Brekke barnehage og skule

    +4757781706

    liv.berit.svartemyr@gulen.kommune.no

    Bjarte Undertun

    Einingsleiar Brekke barnehage og skule

    +4798696648

    bjarte.undertun@gulen.kommune.no

    Om bedriften

    Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.

    Kommunen har 2260 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

     

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    f21698e9-82fc-4e51-a783-dc164358d9bc

    Sist endret

    25. mars 2026

    Hentet fra

    jobbnorge

    Referanse

    10288788

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser