Hopp til innhold

ID 2405 Kjøkkenassistent - Knutsaåsen omsorgssenter

Arbeidsgiver

Stord kommune

Sted

5417 Stord

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
kjøkkenmedarbeider, assistent, vikar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 30%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, lørdag og søndag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

På Knutsaåsen omsorgssenter er det 46 rom, organisert som omsorgsbustader. Vår visjon er kultur, trivsel og omsorg i kvardagen. Knutsaåsen omsorgssenter er organisert saman med Stord sjukeheim, og me vil i større grad bygje eit samla kompetansemiljø innan kjøkkentenester for begge institusjonane.

Me har frå snarast ledig fast 30% stilling som kjøkkenassistent i eining for institusjon, for tida ved Knutsaåsen omsorgssenter.

Stillinga er i all hovudsak knytt til noko fredagsarbeid og helg kvar 3. helg.

Arbeidsoppgåver:
  • Tilbereding av måltid i tråd med gjeldande kosthaldskrav

  • Ivareta god hygiene og trygg matproduksjon

Me ønskjer ein person som:
  • Er ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert

  • Samarbeid med kollegaer og andre faggrupper

  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonskrav:
  • Erfaring frå institusjonskjøkken eller storkjøkken

  • Kunnskap om Internkontroll mat i institusjon

  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

  • Du må kunne jobbe sjølvstendig

  • Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Me kan tilby:
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

  • Godt arbeidsmiljø

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

  • Offentleg tenestepensjon

  • Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med:

Britt Nelly Hystad Barane -- einingsleiar Eining for institusjon og heildøgns omsorg. Mail: Britt.Nelly.Hystad.Barane@stord.kommune.no

Om bedriften

Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a962fbaa-2ecc-4980-aab4-959c49060bcf

Sist endret

12. januar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

a962fbaa-2ecc-4980-aab4-959c49060bcf

Lignende annonser

Laster lignende annonser