Hopp til innhold

Sjukeheimslege i institusjonsteneste

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Legetenester - sjukeheimslegar

Sted

Solstrandsvegen 39, 5200 Os

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 7. juni

Bjørnafjorden kommune har ledig 100 % stilling som sjukeheimslege (ALIS) frå 1.9.26 - 28.2.27. Vi søkjer deg som har hjarte for eldreomsorg, og ønskjer å jobbe i eit engasjert, positivt og inspirerande miljø. Det er gode mogelegheiter for både "ad hoc" og meir strukturert rettleiing av erfarne legar.

Arbeidsstad
Pleie- og omsorgstenesta ved Luranetunet bu- og behandlingssenter på Os med kort reiseveg frå Bergen. 

Luranetunet bu- og behandlingssenter (LBBS) har to korttidsavdelingar og åtte langtidsavdelingar med til saman ca 175 bebuarar. Vi har òg ein ny og flott innebygd tropehage på 1300 m2, der temperaturen er behageleg heile året. 
Vi har og 2 kommunale ØH-senger innen somatikk, rus og psykiatri. Kortidsavdelingane er for pasientar som treng vidare behandling etter sjukehusopphald (opptrening, vidare medisinsk behandling, rehabilitering), eller palliative pasientar med behov for lindrande behandling. Vi tar imot heimebuande som treng avlastning eller medisinsk utgreiing.

Arbeidsoppgåver
  • Utredning, behandling og oppfølging av bebuarar
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Rådgjeving og rettleiing av helsepersonell
  • Samarbeid med pårørande, fastlegar og øvrige einingar og faggruppar
  • Kan om ønskjeleg delta i legevaktsordninga 
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Søkjar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Gyldig politiattest må leggjast fram
Personlege eigenskapar
  • Vi søker deg som har interesse og engasjement for feltet sjukeheimsmedisin eller ønsker å lære om faget
  • Du har fokus på medisinsk behandling som gir god livskvalitet
  • Du er ansvarleg, fleksibel, positiv og har gode samarbeidsevner  
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar. 

Vi tilbyr
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • God konkurransedyktig lønn
  • Faglege og personlege utfordringar i eit raust, kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • En svært meiningsfull jobb med varierte og spennande arbeidsdagar
  • Internundervisning sammen med øvrige kommunalt tilsette legar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Allmennmedisinsk teneste på sjukeheim for spesialisering i allmennmedisin
  • Rettleiing av erfarne sjukeheimslegar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Caroline Bjelland

+47 924 93 653

carbje@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a9602ab6-b898-481e-92a0-4a2e5017e85b

Sist endret

28. mai 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3630613_220807_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser