OPPVEKSTETATEN - ledige lærarstillingar
Oppvekst og kulturetaten
Sjøgata 63, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
- Stillingstittel
- OPPVEKSTETATEN - ledige stillingar - 2026/2027
- Type ansettelse
- Annet, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 5. mars
Ulstein kommune har i dag fem grunnskular. Frå august 2026 er det fire grunnskular i kommunen, Ulstein ungdomsskule, Ulsteinvik barneskule, Hasund skule og Haddal skule. Les meir om skulane her.
I Ulstein kommune kan det for skuleåret 2026/2027 bli ledige heiltids- og deltidsstillingar, både faste stillingar og vikariat. Det kan vere behov ved fleire av skulane. Søkarar i denne utlysingsrunden vil vere aktuelle for stillingar som vert ledige heilt fram til haustferien.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og leie arbeidet med elevane si læring
- Sørge for eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane
- Samarbeid med føresette og faginstansar
- Kan bli tillagt kontaktlæraransvar
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
- Vi forventar at den som vert tilsett har god evne til å bygge relasjonar med elevar, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartar
- Vi forventar og at ein syner god evne til samarbeid og sjølvstende i arbeidet, og er med på å ta initiativ i skulen sitt faglege utviklingsarbeid
- Vi legg vekt på at våre lærarar skal ha god klasseleiingskompetanse
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande regulativ
- Eit utviklingsorientert, godt arbeidsmiljø
- God offentleg pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Karen Strand, Kommunalsjef, +47 99412490, karen.strand@ulstein.kommune.noArbeidsstad
Sjøgata 636065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetatenReferansenr.: 5083691729
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a853a9b9-582a-46ba-87a2-c9cf6613dbb9
- Sist endret
24. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
071a2648c2e24e84872422c5b97ac9fe
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Volda kommune, Avdeling skule
Sted
Volda
Arbeidsgiver
Ørsta kommune
Sted
Ørsta
Arbeidsgiver
Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst
Sted
Fiskå