Lærarstillingar skuleåret 2026/2027
Ørsta kommune
Håkonsgata 78, 6150 Ørsta
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærarstillingar skuleåret 2026/2027
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest lørdag 28. februar
I Ørsta kommune kan det, frå 01.08.2026, verte ledige lærarstillingar i grunnskulen. Det kan vere både faste stillingar, og vikariat for skuleåret 2026/2027.
Ørsta kommune har i alt sju kommunale skular, og skulane er organisatorisk plassert i kommunalområdet Oppvekst, kultur og inkludering.
Arbeidsoppgåver
- Ta del i Ørsta kommune sitt arbeid med å skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø der elevane si fysiske og psykisk helse står i sentrum
- Planleggje, gjennomføre og evaluere undervisning. Til fleire av lærarstillingane vil det også ligge kontaktlæraroppgåver
- Arbeide systematisk og målretta med grunnleggjande ferdigheiter, i alle fag
- Tett samarbeid med born og føresette
- Delta i nettverksarbeid og kollektiv kompetanseutvikling, på kvar einskild skule og i lag med andre einingar og tenester i oppvekst
- Pedagogisk personale må vere budde på å ta på seg rettleiingsansvar i høve til studentar
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer primært etter grunnskulelærarar
- Lærarar med godkjent pedagogisk utdanning og undervisningskompetanse (PPU) vil ved særskilde fagbehov verte vurderte
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne. I Ørstaskulen nyttar vi nynorsk som målform og kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
- Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest etter Opplæringslova § 17-11
Barneskulane: Søkjarar med 30 studiepoeng i eitt eller fleire kjernefag (norsk, engelsk eller matematikk) vert prioritert.
Ungdomsskulane: Søkjarar med 60 studiepoeng i eitt eller fleire kjernefag (norsk, engelsk eller matematikk) vert prioritert.
Opplæringssenteret: Søkjarar med 30 studiepoeng eller meir i norsk som andrespråk og 60 studioepoeng i grunnskulefag vert prioritert.
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du:
- Har høg relasjonskompetanse
- Er god på samarbeid, både med born, føresette og andre tilsette
- Bidreg til utviklinga av eit inkluderande og raust arbeidsmiljø
- Er ein god rollemodell og ein trygg og tydleg vaksenperson
- Kan leie klasser og grupper på ein god og inkluderande måte
- Har god fagleg kompetanse, er fleksibel og løysningsorientert
- Kan arbeide sjølvstendig, men samtidig ha vilje og evner til å arbeide i team
- Har profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK). I dette legg vi evne til å tileigne seg kunnskapar om og bruke pedagogiske programvare og andre digitale verkty, og korleis bruke desse til det beste for elevane si læring. I Ørstaskulen disponerer alle lærarar og elevar Chromebooks og Google Workspace for Education som hovudverkty
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til gruppeintervju og individuelle intervju
Vi tilbyr
- Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag der elevane si læring og utvikling står i sentrum
- Eit godt arbeidsmiljø
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår:
Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkluderer frivillig ulykkesforsikring på fritida.
Som lærar blir du medlem i Statens pensjonskasse, som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP: Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, dine nærmaste blir sikra økonomisk når du døyr, og du får gode vilkår på bustadlån.
Ørsta kommune arbeider for å utvikle ein aktiv heiltidskultur og ynskjer så mange som mogleg tilsette i heiltidsstillingar. Fordelane ved flest mogleg tilsette i heile stillingar er store, først og fremst for elevane våre, men også for den tilsette sjølv, arbeidsmiljøet og for arbeidsgjevar.
Arbeidsvilkår:
Stillinga er plassert i kap. 4 gr. 2
Lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing
Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk
Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf. AML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Pål Einar Brekke, Konstituert kommunalsjef Oppvekst, kultur og inkludering, 47 62 34 18, pal-einar.brekke@orsta.kommune.noArbeidsstad
Håkonsgata 786150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 5067568194
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Pål Einar Brekke
Konstituert kommunalsjef Oppvekst, kultur og inkludering
47 62 34 18
Om bedriften
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
41a58d1a-21ac-4102-8b1c-b0c98e4dde0c
- Sist endret
2. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3f45d05447aa47d6a72ef48c3dbe7079
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ørsta kommune
Sted
Ørsta
Tilkallingsvikar lærar - Ørstaskulen skuleåret 25/26
Arbeidsgiver
Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune
Sted
Ørsta
Arbeidsgiver
Volda kommune, Avdeling skule
Sted
Volda