Hopp til innhold

Lærarstillingar i Vanylven kommune

Arbeidsgiver

Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst

Sted

Rådhuset, 6143 Fiskå

Om jobben

Stillingstittel
Lærarstillingar i Vanylven kommune
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. mars

Det er ledig inntil tre stillingar som lærar for fast tilsetting og vikariat i Vanylven kommune frå
01.08.2026.

Kommunen har tre grunnskular

  • Myklebust skule, 1-10 skule
  • Fiskå skule, 1-7 skule
  • Åheim skule, 1-10 skule

I tillegg kan det bli aktuelt med lærarstillingar i pedagogisk vikarbank, alternativ opplæringsarena (VAOA)
og voksenopplæringa.

Vanylven kommune arbeider med fagfornyinga med fokus på sosialkompetanse/IBSM, fysisk aktiv læring og lesing skuleåret
2026 - 2027. Vi har fokus på mestring, utvikling, erfaringsdeling og samarbeid mellom skulane våre. Vi
ønskjer tilsette med god klasseleiing, samarbeidsevne, god fagleg kompetanse og evne til å være med å
skape ein felles skule i utvikling.

Grunnskulane i Vanylven treng lærarar med godkjent kompetanse for dei ulike trinna, og då særleg
fagkompetanse innan tysk, spesialpedagogikk, musikk, kroppsøving, engelsk, matematikk og norsk.


Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre og vurdere ordinær og tilpassa undervisning
  • Kontaktlæraransvar kan bli aktuelt
  • Systematisk arbeid med å skape gode relasjonar og eit trygt og godt skulemiljø for elevane
  • Samarbeide med vekt på å auke elevane sitt læringsutbytte
  • Målretta fagleg og sosial oppfølging av elev og elevgruppe
  • Samarbeid med føresette, interne og eksterne samarbeidspartar

Kvalifikasjonar

Grunnskulane i Vanylven treng lærarar med godkjent kompetanse for dei ulike trinna, og då
særleg fagkompetanse innan engelsk, matematikk, norsk, tysk, spesialpedagogikk, musikk, kroppsøving,
og norsk som andrespråk.

  • godkjent allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning 1-7, 5-10, PPU.
  • ønskjeleg med minimum 30/60 studiepoeng i basisfag
  • god kompetanse på klasseleiing, fag, samarbeidsevne og evne til å vere med å skape eit
    profesjonsfellesskap
  • anna relevant utdanning
  • ønskjeleg med erfaring frå læraryrket
  • god pedagogisk digital kompetanse
  • personlege eigenskapar vil bli vektlagt i intervju og ved referanse

Personlege eigenskapar

Du er:

  • utviklings- og løysingsorientert
  • ein tydeleg, robust og inkluderande klasseleiar
  • god til å tenkje heilskapleg rundt barna sine oppvekstmiljø
  • omgjengeleg, initiativrik og fleksibel
  • flink til å planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning
  • god på vurderingspraksis som fremjar elevane si læring
  • deltakande og bidreg i skulen sitt utviklingsarbeid
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • fremjar eit godt skule-heim samarbeid
  • Tilsetjing med atterhald om godkjent politiattest

Vi tilbyr

Løn og tilsetjing på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.I tillegg har vi gode tillegg i høve rekruttering, og gode pensjonsordningar.

Søknad skal sendast på kommunen sitt søknadsskjema.
CV skal fyllast inn i søknaden. Gjer vel å gje opp referansar.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Kontaktinformasjon

Lars Myklebust, Rektor Myklebust skule, 99211748, lars.myklebust@vanylven.kommune.no
Sylvia Baade, Rektor Fiskå skule, 97030004, sylvia.baade@vanylven.kommune.no
Lena Landsverk Sande, Rektor Åheim skule, 45227168, lena.landsverk.sande@vanylven.kommune.no
Frode Vik, Fagleiar kultur og oppvekst, 99288600, frode.vik@vanylven.kommune.no

Arbeidsstad

Rådhuset
6143 Fiskå

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vanylven kommune

Referansenr.: 5079671875
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 22.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Frode Vik

Fagleiar kultur og oppvekst

99288600

frode.vik@vanylven.kommune.no

Lena Landsverk Sande

Rektor Åheim skule

45227168

lena.landsverk.sande@vanylven.kommune.no

Sylvia Baade

Rektor Fiskå skule

97030004

sylvia.baade@vanylven.kommune.no

Lars Myklebust

Rektor Myklebust skule

99211748

lars.myklebust@vanylven.kommune.no

Om bedriften

Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar. 

Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar. 
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar. 

Velkomen til å søkje hjå oss! 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5e9ae275-7bde-4a08-8b2c-1fe39d0ed0bc

Sist endret

23. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ca15899d6eed464db9394c604e4996fd

Lignende annonser