Vil du bli med på laget?
Hå kommune Varhaug skule
Eikevegen 1, 4360 Varhaug
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. januar
Varhaug skule har ledig ei fast 100% stilling som avdelingsleiar frå 01.08.2026. Stillinga er per nå ca. 50% leiing og ca. 50% undervisning. Leiargruppa på Varhaug skule er sett saman av rektor og tre avdelingsleiarar, som kvar har ansvar for sitt lag. Avdelingsleiaren me søkjer vert leiar for skuleklubb, 1. og 2. trinn. Leiargruppa er og ein del av utviklingsgruppa saman med to lærarar og tillitsvalt på skulen.
Varhaug skule er ein skule med ca 440 elevar og 65 tilsette. Her er det kjekke elevar og eit godt arbeidsmiljø. Skulen har ambisjonar om å utvikle elevane sine dugleikar og skape gode og trygge rammer for læring. Skulen er praksisskule, og tek i mot studentar i periodar både på hausten og våren. Varhaug skule ligg nær togstasjonen, og har eigen parkeringsplass.
Kvalifikasjonar
- Godkjent pedagogisk utdanning
- Relevant leiarutdanning, eventuelt avtale om å ta rektorskulen
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Du må være løysingsorientert og bidra aktivt til eit godt arbeids- og læringsmiljø
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- God IKT-kompetanse
Arbeidsoppgåver
- Dagleg leiing, både pedagogisk og administrativt
- Leia dei tilsette si læring og utvikling
- Timeplanar og ressursfordeling
- Bidra i utviklingsarbeid
- Støtte og følgje opp tiltak kring elevar, klassar og trinn for å sikre eit trygt, godt og inkluderande skule- og læringsmiljø
- Arbeide aktivt for å lukkast med tilpassa undervisning for alle elevane
- Følge opp elevane si læring og utvikling
- Samarbeide med foreldre og andre aktører rundt elevane og skulen
- Bidra aktivt for å utvikle eit godt lærarsamarbeid og eit lærande profesjonsfellesskap på skulen
- Innhaldet i stillinga kan/blir tilpassa skulen sine behov
Personlege eigenskapar
- God på kommunikasjon og relasjonsbygging
- Tydeleg og omsorgsfull leiar og klasseleiar
- Du må kunna arbeide sjølvstendig, samtidig som du evnar å samarbeide med kollegaer og føresette
- Du må vera strukturert, løysingsorientert, lærevillig, målretta, engasjert, motivert og positiv
- Vera bidragsyter i utviklingsarbeid og profesjonsfellesskap
- Vera fagleg oppdatert innan skuleutvikling
Me tilbyr
- Eit godt og sterkt fagmiljø med mykje godt humør
- Moglegheit for etter- og vidareutdanning
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
- Konkurransedyktig lønn
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a7a73b29-7c1a-441d-af42-96244e97ef3c
- Sist endret
15. desember 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3574675_194339_no
Lignende annonser
Ringevikar ATO
Arbeidsgiver
Hå kommune ATO Bø skule
Sted
Nærbø
Prosjektleder Fritidsklubbløftet
Arbeidsgiver
Hå kommune Fritid
Sted
Nærbø
Arbeidsgiver
Miljøtjenesten, Sola kommune
Sted
Tananger