Hopp til innhold

Avdelingsleiar på ungdomstrinnet

Arbeidsgiver

Vikeså skule

Sted

Vikesågata 60, 4389 Vikeså

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar på ungdomstrinnet
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest fredag 27. mars

Leiter du etter ei allsidig stilling i lag med dedikerte vaksne og kjekke elevar? Då håper vi du vil søka hos oss! 

Det er ledig heil fast stilling som avdelingsleiar på ungdomstrinnet ved Vikeså skule frå 01.08.2026. 


Arbeidsoppgåver

  • stillinga består av 75 prosent administrasjon, og 25 prosent undervisning.
  • Kvalifikasjonar

    • søkjar må ha godkjent pedagogisk utdanning.
    • erfaring frå undervisning på ungdomstrinnet, og frå liknande leiarstillingar vil telja positivt.
    • leiarutdanning er ikkje obligatorisk, men ønskeleg. 

    Personlege eigenskaper

    Vi søkjer ein skuleleiar som er utviklingsorientert, tydeleg, forutsigbar, synleg og med evne til å: 

    • bygga vidare på skulen sin kultur, visjon og verdisyn og vidareutvikla skulen som ein lærande organisasjon
    • inspirera og samarbeida med personal, elevar og føresette om å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
    • sjå og interessera seg for enkeltmenneske, samt ha gode kommunikasjonsevner
    • arbeida strukturert og effektivt med driftsoppgåver
    • bidra i pedagogisk utviklingsarbeid ut frå skulen sitt behov og i tråd med nasjonale føringar
    • delta i utvikling av ein skule der digital kompetanse og bruk av digitale verktøy bidrar til å fremma læring

    Stillinga krev oppdatert politiattest etter opplæringslova §17-11. Merknadar på attest vil kunne føra til ny vurdering av eit eventuelt tilbod.

    Vi tilbyr

    Bjerkreim kommune kan tilby:

    • konkurransedyktig løn etter avtale
    • eit positivt og utviklingsretta arbeidsmiljø
    • godt tverrfagleg samarbeid med andre avdelingar i og utanfor kommunen
    • rettleiing, kurs og etterutdanning
    • ei innhaldsrik stilling med gode moglegheiter for vidareutvikling.
    • gode pensjons- og forsikringsordningar

     

    Kontaktinformasjon

    Svanhild Gjedrem, Rektor, +47 901 11 688

    Arbeidssted

    Vikesågata 60
    4389 Vikeså

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Bjerkreim kommune

    Referansenr.: 5093864721
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 27.03.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Svanhild Gjedrem

    Rektor

    +47 901 11 688

    Om bedriften

    Bjerkreim kommune er en del av region Dalane som ligger i den sørlige delen av Rogaland. Kommunen ligger tett ved E39, og det gjør det enkelt å komme frem. Vi er en liten kommune i folketall med om lag 2800 innbyggere, men blant de største i Rogaland når det kommer til areal.

    Vi opplever at innbyggerne er stolte av, og glade i, kommunen sin. Det lokale engasjementet er stort, til det beste for kommunen. Bjerkreim kommune har en tett organisasjon, som gjør det enkelt å komme i kontakt med de ulike tjenesteområdene en skulle ha behov for. Vi har mye flott natur, ledige boligtomter, ledig næringsareal, veldig høy sysselsetting - og vi har rom for mer. I dette ønsker vi oss så vel nye, gode, kompetente medarbeidere, som nye innbyggere velkommen.

    Vikeså skule er ein 1-10 skule med ca 300 elevar. Ca 30 av våre elevar bruker SFO som er åpen 07.00-16.30 kvar dag og i feriar. Skulen har positive elevar og legg stor vekt på samarbeid. Alt arbeidet på skulen er gjennomsyra av visjonen vår om å vera med å gje elevane røter og vengjer, slik at dei blir i stand til å meistra livet. Kollegiet tek godt vare på kvarandre og har ein god omgangstone og delekultur. Me bryr oss om elevane våre og legg til rette for tilpassa opplæring for den enkelte. Vi satsar på tydeleg klasseleiing med klare grenser og fokus på kollektive ferdigheiter. Vi har nulltoleranse for mobbing, og arbeider hardt for at alle elevane skal ha det godt på skulen. Skulen bruker Chromebook som verktøy og G-suite som arbeidsplattform.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    4d5b2c91-f93f-41c4-ba3a-48bfcb8b0757

    Sist endret

    13. mars 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    3cf40b91cfe04003bd1fe0409f054883

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser