Hopp til innhold

Psykiatrisk sjukepleiar/sjukepleiar

Arbeidsgiver

Psykosebehandling SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Psykiatrisk sjukepleiar/sjukepleiar
Oppstart
1. mars 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Ved vår nye sengepost for psykosebehandling ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) søkjer vi no etter engasjerte og fagleg sterke kollegaer. Vi ønskjer oss psykiatriske sjukepleiarar/ sjukepleiarar som kan vere pådrivarar i behandlinga av pasientar med psykose og i utviklinga av eit framtidsretta behandlingstilbod.  

Den nyoppretta sengeposten skal tilby spesialisert behandling til pasientar med psykoseproblematikk. Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid og fagleg utvikling. Som psykiatrisk sjukepleiar vil du få ei viktig rolle i det daglege pasientarbeidet, og du vil vere med på å utvikle rutinar, faglege tilnærmingar og eit godt arbeidsmiljø.

Seksjon for psykose SNR ligg i det nye psykiatri- og habiliteringsbygget, og er ein lukka sengepost med 11 sengeplassar. I sengeposten har vi ei breidt samansett personalgruppe, som driv både med utgreiing av psykoseproblematikk og ulik behandling (medikament, samtaleterapi, fysisk aktivitet/trening, turgrupper og miljøterapeutisk tilnærming).  

Arbeidsstaden er det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR). Sjukehuset er plassert på Hjelset, mellom Kristiansund og Molde.


Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapi/aktivitet: Bidra til struktur og tryggleik i pasientane sin kvardag gjennom målretta miljøterapeutisk arbeid 
  • Observasjon, vurdering og dokumentasjon: Systematisk observasjon av psykisk tilstand, funksjon og endring, med dokumentasjon og fagleg rapportering
  • Psykoterapeutisk tilnærming/samtalar 
  • Medikamenthandtering: Administrere og følgje opp medikamentell behandling i tråd med gjeldande rutinar og forskrifter
  • Koordinering/tverrfagleg samarbeid: Delta aktivt i behandlingsmøte og samarbeide tett med lege, psykolog og andre faggrupper. Vere ein koordinator for pasientarbeidet
  • Pårørandearbeid: Vere ein kontaktperson og støtte for pårørande, og bidra til god kommunikasjon og samarbeid
  • Fagutvikling: Vere med på å utvikle faglege rutinar og bidra til kontinuerleg kvalitetsforbetring

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Relevant vidareutdanning innan psykisk helse eller rus
  • Ønskjeleg med erfaring frå liknande klinisk arbeid 
  • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  • Førarkort klasse B (personbil) 

Personlege eigenskapar

  • Du er fagleg engasjert og ønskjer å bidra til utviklingsarbeid 
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og trivst med tverrfagleg arbeid 
  • Du er trygg i møte med pasientar og har evne til å skape tillit 
  • Du har lyst til å vere med og bygge opp eit nytt og viktig tilbod 
  • Du er positiv til nye utfordringar, omstillingsdyktig i møte med endringar og evnar å sjå løysingar   
  • Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga  
  • Du stor arbeidskapasitet og trivast i eit arbeidsmiljø med tidvis høgt tempo 

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Ei spennande og meiningsfull stilling i eit fagmiljø i utvikling 
  • Moglegheit for langvakter
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

 

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er ei perle på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.

Kontaktinformasjon

Ingunn Romundstad Innerdal, Seksjonsleiar, 917 74 696, Ingunn.Romundstad.Innerdal@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5035762049
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.03.2026
Søknadsfrist: 18.01.2026

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a7706e6e-9d4b-42a0-8d9f-ada0b69bb6bc

Sist endret

19. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

15532002e6b642d685cf277c55d9cdbe

Lignende annonser

Laster lignende annonser