Ynskjer du undervisningsstilling i Voss herad?
Voss herad Vangen skule
Hestavangen 24, 5700 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Vangen skule søkjer grunnskulelærar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 11. november
Voss herad søkjer engasjert lærar med eit stort hjarte for barn og unge. Me legg vekt på at elevane skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje elevane i Voss herad ein god ballast for vegen vidare, og me ser etter deg som ynskjer å arbeida aktivt med å skapa livsmeistring og medborgarskap i vossaskulen. Me har lærande nettverk på fleire nivå for å vidareutvikla vossaskulen og skapa felles praksis. Skulane arbeider ut frå prinsippa om ein lærande organisasjon.
Vangen skule ligg i sentrum og har omlag 235 elevar. Skulen ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til idrettsbane, bibliotek, symjehall, gondolbane og andre fasilitetar. Satsingsområde er inkluderande skulemiljø med hovudfokus på sosial læring og utvikling. Vangen skule er ein 1.-7. skule. Det er kort gangavstand frå jernbanestasjon og buss-stasjon.
Vangen skule har ledig stilling som lærar frå 1.1.2026.
Voss herad tilbyr:- Rekrutteringstillegg kr 20 000 for GLU 1-7 og 5-10 ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad
- Fast stilling i Voss herad
- Kontaktlærartillegg frå kr. 42 200 til kr. 45 000 per år
- God ordning for etter- og vidareutdanning
- Årskort på ski ved Voss Resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter, eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad
- Ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre
- Gode kollegaer og eit positivt miljø
- Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Arbeidsoppgåver:- Undervisning på 1. - 7.trinn
- Leia, analysera og fylgja opp elevane si læring
- Vera med å skapa eit trygt og inkluderande læringsmiljø
- Vera ein aktiv deltakar og bidragsytar i skulane sitt profesjonelle læringsfellesskap
- Samarbeida med føresette og andre faginstansar
- Kontaktlærarfunksjon kan bli lagt til stillinga
- Godkjent fagleg og pedagogisk utdanning for undervisning jf. opplæringsforskrifta §12
- Ønskjeleg med undervisningskompetanse i minst eit av basisfaga norsk, matematikk eller engelsk
- Anna relevant pedagogisk utdanning kan bli vurdert
- Gode norskkunnskapar, både skriftlig og muntlig
- Du har eit stort engasjement for elevane si faglege og sosiale utivkling
- Du er ein tydeleg klasseleiar og er i stand til skapa trivsel, motivasjon og vekst hjå den enkelte elev
- Du kommuniserer godt og er i stand til å etablera gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer
- Du har evne til å arbeide løysningsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha godt humør
- Det kreves at du har tolmod, at du er robust og har evne til å stå i utfordrande situasjonar med elevar over tid
- Du bidrar aktivt i profesjonsfellesskapet
- Du er nysgjerrig på å læra og likar å vere i utvikling
- Du ser verdien av å arbeida saman som eitt lag med eit kollektivt ansvar for elevane si læring
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a6531960-eb46-4ecb-9806-fba789ab22fc
- Sist endret
27. oktober 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3555849_212965_nn
Lignende annonser
Fagarbeidar eller miljørettleiar
Arbeidsgiver
Voss herad Vangen skule
Sted
Voss
Pedagog i Vossabarnehagane
Arbeidsgiver
Voss herad Felleslysing barnehage
Sted
Voss
Miljøterapeut
Arbeidsgiver
Voss herad Barne og familiehjelpa
Sted
Voss