Hopp til innhold

Lærar i byggfag

Arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune

Sted

5750 Odda

Om jobben

Stillingstittel
Lærar i byggfag
Type ansettelse
Annet, deltid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 17. mai

Lærar i byggfag
OPK-OD - Odda vgs, Vestland fylkeskommune

Skulen ligg i bysenteret Odda i Ullensvang kommune. Området er kjent for dramatisk landskap med fjord, fjell, brear og fossar. Dette gjev svært gode føresetnader for ulike aktivitetar, men er òg grunnlaget for verdsleiande industri. Hardanger og fruktdyrking er eit kjent omgrep, og aktivitetsturisme er blitt eit stort satsingsområde. Gjennom året vert det arrangert større og mindre kulturarrangement i kommunen, t.d. Hardanger musikkfest, Litteratursymposiet, Blueshelga, Sus & Dus, Morellfestivalen og Siderfestivalen.

Odda vidaregåande skule er ein skule med omlag 240 elevar og 50 tilsette, som er fordelt på studieførebuande program og yrkesfagleg program. Vi har eigen avdeling for tilrettelagt opplæring, samt landsline i smedfaget. 

Skulen har ledig stilling innan Bygg- og anleggsteknikk frå 1.august 2026.


Arbeidsoppgåver
Trivst du med å arbeide med ungdom, og har utdanning og praksis frå byggebransjen? Skulen har ledig 50% fast undervisningsstilling i bygg- og anleggsteknikk, med gode muligheter for utviding av stillinga. Har du undervisningskompetanse i andre fag, er det mogleg at stillinga vert utvida til 100% frå starten.
Planlegge og gjennomføre opplæring i tråd med læreplanmåla.
Følgje opp den enkelte elev si faglege utvikling.
Delta i lærarteam og pedagogisk utviklingsarbeid.
Tilretteleggje og samarbeide om eit godt og effektivt læringsmiljø.
Samarbeid med kollegaer og føresette.
Samarbeid med opplæringskontor og verksemder.

Kvalifikasjonar
Eit eller fleire fagbrev innan programområdet bygg- og anleggsteknikk.
4 års relevant praksis etter fagbrev.
2-årig teknisk fagskule eller 3-årig relevant bachelor eller yrkesfaglærarutdanning. Dersom det ikkje er søkjarar som fyller kompetansekrava for tilsetting, kan andre søkjarar med relevant fagbrev søkje, og skulen vil legge til rette for utvikling av formell pedagogisk kompetanse.
Godkjent politiattest.

Personlege eigenskapar
Du likar å arbeide med ungdom og er ein god rollemodell.
Du har ei positiv innstilling og skaper gode relasjonar.
Du ser behova til den enkelte elev.
Du er ein god lagspelar, er god til å samarbeide og deler av kunnskapen din.
Du arbeider strukturert og systematisk.
Du har god digital ferdigheit.
Du har gode skriftlege og munnlege norskferdigheiter.

Vi tilbyr
Eit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, gode arbeidstilhøve og variert tverrfagleg samarbeid.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.    
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Elektronisk søknad skal benyttes via "søk på stilling" knappen på siden.

Kontaktperson for stillingen

Geir Veland

Rektor

97143273

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a5167812-cec7-415e-bb02-37f4578a6e6b

Sist endret

27. april 2026

Hentet fra

AMEDIA

Referanse

4563532

Lignende annonser

Laster lignende annonser