Hopp til innhold

Lønnskonsulent

Arbeidsgiver

Ål kommune HR / Lønn

Sted

Torget 1, 3570 Ål

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Ål kommune søkjer etter ein lønnskonsulent som kan vere med på å styrke laget vårt. I denne rolla vil du jobbe med kommunens lønnsarbeid saman med lønnsansvarleg. Hjå oss vil du bli del av eit dyktig og inkluderande fagmiljø, med HR-leiar som din nærmaste leiar. Vi ser etter ein person med god systemforståing og digital teft som er klar for nye utfordringar og som kan vere med på å utvikle kommunen vår vidare!

Det er ein fordel om du har tidlegare erfaring frå offentleg sektor, men hjå oss vil du få grundig opplæring, og vi oppfordrar difor også nyutdanna til å søkje på stillinga.

Arbeidsoppgåver
  • Registrering og kontroll av lønsdata og tilsetteopplysningar i fagsystem.
  • Lønskøyringar, avstemmingar og saksbehandling relatert til lønnsområdet.
  • Utvikling og implementering av nye løysingar i fagsystem.
  • Digitalisering av oppgåver og utviklingsarbeid for betre prosessar innafor løns- og HR-området.
  • Innrapportering til offentlege register med opplysingar om pensjon, A-meldingar, skatt, arbeidsgjevaravgift, PAI og liknande.
  • Delta i årsoppgjer.
  • Rettleiing og rådgjeving om relevant regelverk.
  • Andre oppgåver innan fagområdet, avhengig av kommunen sitt behov.
Kvalifikasjonar
  • Relevant utdanning innan økonomi/administrasjon på bachelornivå.
  • I spesielle tilfelle kan relevant erfaring kompensere for manglande formell utdanning.
  • God digital kompetanse, kjennskap til Visma er ein fordel.
  • Det er ein fordel om du har kjennskap til lov- og avtaleverk innan lønsområdet.
  • Trivst med å rettleie brukarar med ulik forståing av lønsfaget.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Personlege eigenskapar
  • Strukturert: Du tek sjølvstendig ansvar for framdrift, tek initiativ og har høg gjennomføringsevne. Du evnar å halde oversikt og prioritere i ein hektisk arbeidskvardag.
  • Service- og brukarorientert: Du er imøtekommande, positiv og løysingsorientert i samhandling med andre.
  • Relasjonsbyggjar: Du er positiv og kan samarbeide på tvers av stillingar og nivå i organisasjonen. Du er ei god støtte for kollegaer og bidreg til utvikling av eige team.

Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Vi tilbyr
  • Du blir ein del av eit team med fagleg dyktige medarbeidarar.
  • Løn- og pensjonsvilkår etter HTA og KLP
  • Gunstige lokale tillegg for kompetanse og ansiennitet.
  • Gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst i Ål kommune gjennom kurs og vidareutdanning.
  • Ål kommune deltek i samarbeid med Gol kommune og Hemsedal kommune, og ein vil ha felles kontordag/-ar på Gol.
Søknad og politiattest
  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

For meir informasjon, ta gjerne kontakt med oss. 

Me ser fram til å høyre frå deg!

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Ål kommune er ein utviklingsorientert arbeidsgjevar for 650 engasjerte tilsette, som er opptekne av å gje tenester av høg kvalitet til alle innbyggjarar, store og små. I UNICEFS rapport om kvaliteten i oppvekst- og levevilkår, er Ål kommune blant dei 10 beste kommunane i Noreg. Oppvekstsektoren arbeidar med, betre læring, tverrfagleg arbeid i kompetente fagmiljø og digitalisering av det pedagogiske arbeidet. Helse og omsorgssektoren driv spanande prosjekter, som sett dagsaktuelle tema i fokus, velferdsteknologi, aldersvennlege samfunn, fagutvikling for autorisert helsepersonell. Kultur, der er Ål kåra som ein av dei beste kulturkommunane i Noreg, kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal. Drift og utvikling har viktige funksjonar for innbyggjarar og hytteeigarar og gjer Ål kommune til ein god stad å bu med kortreist og ein enkel kvardag. Ål kommune vart kåra til både Årets kulturkommune og Årets nynorskkommune i 2021!

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a4bdcc4d-0f86-4384-96d3-39eacbf67a8a

Sist endret

15. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3578483_211247_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser