Hopp til innhold

Kyrkjetenar/kyrkjegardsarbeidar i Seljord sokn

Arbeidsgiver

Seljord Sokn

Sted

3840 Seljord

Om jobben

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Kirketjener
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager

Søk på jobben

Søk senest søndag 24. mai

Send søknad til

post@seljordkyrkje.no
Kyrkjetenar/kyrkjegardsarbeidar i 100% fast stilling - 2. gongs utlysing.

Seljord sokn søkjer etter kyrkjetenar/kyrkjegardsarbeidar. Som kyrkjetenar i Seljord sokn får du ein variert arbeidskvardag med alt frå utearbeid på kyrkjegarden med graving, plenklypping, snøbrøyting osv., til tilrettelegging i kyrkja ved gudstenester, gravferd, vigslar og andre arrangement. Ein må rekne med arbeid i snitt annankvar helg, og på høgtidsdagar som til dømes jol og påske. Næraste overordna er kyrkjeverja.

For den rette søkjaren kan rolle som driftsleiar, med noko meir administrativt arbeid i høve til vedlikehald, bygg- og gravplassforvaltning, samt stadfortredar for kyrkjeverja ved til dømes ferieavvikling, inngå som ein del av stillinga.

Arbeidsoppgåver:

· Administrative oppgåver delegert frå kyrkjeverja, knytt til drift, bygg og vedlikehald og gravplassforvaltning

· Praktisk tilrettelegging i kyrkjebygga før og undervegs i gudstenester, gravferd, vigsel, konsertar osv.

· Vaktmeisterteneste og vedlikehaldsoppgåver knytt til kyrkjegard, kyrkjebygg, maskinar og utstyr.

· Grasklypping, snøbrøyting, strøying.

· Graving

· Reinhald

Kvalifikasjonar:

· Maskinførarbevis for gravemaskin (M2) og hjullastar (M4)

· Førarkort kl. BE

Personlege eigenskapar:

· Sjølvstendig

· God til å samarbeide

· Pliktoppfyllande

· Praktisk anlagt

· Fleksibel og serviceinnstilt

· Systematisk og god ordenssans

· Imøtekommande og likar å jobbe med menneske

Anna:

· Søkjarar må vere medlem av Den norske kyrkja.

· Må beherske norsk munnleg og skriftleg.

Vi tilbyd:

· Variert arbeidskvardag

· Løn etter KA sitt avtaleverk.

· Pensjonsordning i KLP.

Søknad og CV kan sendast til: Seljord sokn, Brøløsvegen 13A, 3840 SELJORD, eller på e-post til: post@seljordkyrkje.no.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Kyrkjeverje Petter Jakobsen, tlf.: 909 51 409 eller e-post: petter@seljordkyrkje.no

Kontaktperson for stillingen

Petter Jakobsen

Kyrkjeverje

909 51 409

petter@seljordkyrkje.no

Om bedriften

Seljord sokn ligg i Seljord kommune i Øvre Telemark prosti. Seljord kommune har om lag 3 000 innbyggjarar, fordelt på fleire bygder/tettstader. I soknet er det tre kyrkjer med tilhøyrande kyrkjegardar, samt eit kapell: Seljord kyrkje frå kring 1180, Flatdal kyrkje frå 1654, Åmotsdal kyrkje frå 1792 og Manndal kapell frå 1954. I tillegg I tillegg blir det feira gudstenester i private kapell, bedehus og i friluft.

Dei faste stillingane som utgjer staben i Seljord sokn er sokneprest, diakon, organist/kantor, kyrkjeverje/dagleg leiar og to kyrkjetenarar/kyrkjegardsarbeidarar.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a4b497e9-9a20-4609-ba21-c6017e051e32

Sist endret

27. april 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

a4b497e9-9a20-4609-ba21-c6017e051e32

Lignende annonser

Laster lignende annonser