LIS 2/3 - vi tilbyr individuelt tillegg
Barn og unge avdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- LIS 2/3
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 26. februar
Barne- og ungdomsavdelinga (BUA) i Førde har eit sterkt fagmiljø med engasjerte medarbeidarar som brenn for å gi barn, unge og familiane deira den beste helsehjelpa. No søkjer vi LIS 2/3 til følgjande svangerskapsvikariat:
- 100% vikariat : 06.03.2026 - 02.05.2027
- 100% vikariat: 01.06.2026 - 20.08.2027 (oppstart i september 2026 kan vurderast)
- Individuelt tillegg : kr 30.000,-
Om Barne- og ungdomsavdelinga
BUA er ei generell pediatrisk avdeling som tek imot nyfødde og premature f.o.m gestasjonsalder 32, yngre etter dei er behandla og stabilisert ved regionsjukehus. Elles har avdelinga alle barn og unge frå 0-16 år - kronikarar til 18 år. BUA jobbar for å heve aldersgrensa for alle unge til 18 år i tråd med nasjonal Ungdomshelsestrategi.
BUA har, i tillegg til sengepost, poliklinikk, habiliteringstilbod og ambulerande poliklinisk teneste til Lærdal og Eid.
Om spesialiseringsløpet
Arbeidsgjevar har ansvar for spesialiseringsløpet. Delar av LIS 2/3-tenesta føregår på regionsjukehus, som regel anten
ved HUS eller SUS.
Tilsetjing krev tilfredsstillande politiattest i tråd med helsepersonellova §20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma)
Vi søkjer deg som er genuint opptatt av faget, og som på sikt vil styrke vårt team av dyktige overlegar.
Arbeidsoppgåver
- Visittarbeid ved sengepost, vakt og poliklinikk utgreiing og behandling av barn i alder 0 til 16 år (18)
- Legar i spesialisering arbeider breitt og i stor grad sjølvstendig, under tilsyn og rettleiing av overlege
- LIS deltek aktivt i høve undervisning i avdelinga, samt i prosjekt- og utviklingsarbeid som BUA er ein del av.
Kvalifikasjonar
- Må ha norsk autorisasjon som lege
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
- Erfaring frå arbeid med barn og unge i Barne- og ungdomsavdeling vil bli føretrekt
Personlege eigenskapar
- Utadvendt
- Strukturert
- God kommunikasjonsevne med barn og pårørande
- Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
- Samarbeidsvillig
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Individuelt tillegg kr 30.000,-
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit godt og ivaretakande arbeidsmiljø
- Langtidsplanlegging av arbeidstid, fråvær (som t.d ferie) og oppgåver
- Grundig opplæring ved oppstart.
- Tett, trygt og godt samarbeid med spesialist i barnesjukdommar, erfarne pleiarar og leiing
- Spennande og breidt fagområde der ein får prøve seg i praksis i mange forskjellige prosedyrer og situasjonar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Solveig Horstad Berget, Avdelingssjef, (+47) 578 39 116Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5074950283
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 26.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Solveig Horstad Berget
Avdelingssjef
(+47) 578 39 116
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a466cdc4-df2f-48a2-a9db-5d4bf16a810d
- Sist endret
11. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8b6ee05ea87547e89cfa928499c65832
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Førde BUP, Helse Førde
Sted
Førde
LIS 2/3 i generell kirurgi
Arbeidsgiver
Kirurgi legar, Helse Førde
Sted
Førde
Arbeidsgiver
Barne- og ungdomsavdelinga, Helse Førde
Sted
Førde