Hopp til innhold

Lege i spesialisering (LIS3)

Arbeidsgiver

Førde BUP, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Lege i spesialisering (LIS3)
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Førde BUP har ledig fast stilling som lege i spesialisering (LIS3), med oppstart snarast mogleg. 

Avdeling for psykisk helsevern for barn og unge er delt i fire seksjonar: ein sengepost og tre poliklinikkar. Ved seksjon Førde BUP er det no ledig fast stilling for lege i spesialisering (LIS 3).

Førde BUP held til i Dagabygget og er ein del av eit stort fagmiljø innan psykisk helsevern. 

Førde BUP dekker ei barnebefolkning på om lag 12 200 fordelt på åtte kommunar. Vi har spesialistar i alle profesjonar, og dei fleste fagstillingane er bemanna av erfarne medarbeidarar med lang fartstid. Vi held eit høgt fagleg nivå og har oppdatert kunnskap og behandlingskompetanse.

LIS3 vil få tilrettelagt heile utdanningsløpet med arbeidsstad i Førde gjennom heile perioden. 


Arbeidsoppgåver

  • Utgreie, diagnostisere og behandle psykiske lidingar hos barn og unge
  • Samarbeide med førstelinja og andre i spesialisthelsetenesta om eit heilskapleg helsetilbod
  • Deltaking i interne og eksterne møter, undervisning, fagutvikling, rettleiing og anna organisatorisk arbeid
  • LIS inngår i for tida 10-delt vaktordning i Psykisk helsevern 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege, med fullført LIS1
  • God fagleg vurderingevne
  • God norsk framstillingsevne både skriftleg og munnleg
  • Erfaring med arbeid i barne- og ungdomspsykiatri vert vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til å møte barn, unge og foreldre slik at dei opplever seg sett og forstått
  • Gode evner til å samarbeide med andre på ein likeverdig og respektfull måte
  • Fagleg interesse og tydeleg engasjement, med ønskje om å vere med og utvikle behandlingstilbodet vidare
  • Gode evner til å arbeide strukturert og målretta, og har høg arbeidskapasitet
  • Trivast i eit aktivt miljø og tverrfagleg team

Vi tilbyr

  • Tilrettelagt spesialiseringsløp
  • Heile spesialiseringa til barne-og ungdomspsykiater kan gjennomførast i Helse Førde
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst, og tillegg for LIS3 i spesialisering til barne og ungdomspsykiater 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit godt og ivaretakande arbeidsmiljø
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Det vert lagt til rette for fagleg og personleg utvikling

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Hildegunn Knapstad Fauske, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 207

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 FØRDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5070324865
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Hildegunn Knapstad Fauske

Seksjonsleiar

(+47) 578 39 207

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

91c89e02-a4e8-41f9-be22-5e31356a0194

Sist endret

4. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

42e0457fdb524e3d9970b637f99c5932

Lignende annonser