Vikariat som politioverbetjent med funksjon som avsnittsleiar politipatrulje
Vest politidistrikt
Krokatjønnveien 15, 5147 Fyllingsdalen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Politioverbetjent med funksjon som avsnittsleder politipatrulje (vikariat)
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 3. november
Om stillinga
I Vest politidistrikt, ved Geografisk driftseining Bergen, Askøy og Øygarden (GDE Bergen, Askøy og Øygarden), Bergen Vest politistasjonsdistrikt, Avsnitt for politipatrulje er det ledig eit vikariat som politioverbetjent (stillingskode 0287) med funksjon som avsnittsleiar. Arbeidet er utført på dagtid og turnusteneste kvar tredje helg. Varigheita til vikariatet er til og med 01.10.26 med moglegheit for forlenging
Bergen Vest politistasjonsdistrikt består av Avsnitt for politipatrulje, Avsnitt for for etterforsking, førebyggarar og sivile medarbeidarar. I tillegg har politistasjonsdistriktet ansvar for etterretning og risikovurdering av partnarvald for GDE BAØ. Som leiar av avsnitt for politipatrulje vil du oppleva ein meiningsfull arbeidskvardag som ein del av eit dyktig fagmiljø og godt sosialt arbeidsmiljø beståande av engasjerte kollegaer. Stillinga er plassert i Fyllingsdalen, med fast oppmøte der. Arbeidet er utført på dagtid i tett samarbeid med tilsvarande stillingar i GDE BAØ med turnusteneste kvar tredje helg.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Me søkjer ein resultat- og medarbeidarorientert leiar som er motivert av leiaroppdraget og har evner og interesse for utvikling av avsnittet og oppgåver knytte til politipatruljen. Den me søkjer må trivast med høgt arbeidstempo, vera god til å prioritera og ha gjennomføringsevne. Det er forventa at ein har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og bidreg positivt inn i eit godt og aktivt arbeidsmiljø.
Som avsnittsleiar ved eininga tilbyr me spennande utfordringar i eit hektisk og godt arbeidsmiljø. Som medarbeidar i politiet blir du kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på.
Som leiar må du i tillegg kunna leia i samsvar med medarbeidarplattforma vår, setja retning, driva endring, motivera og utvikla medarbeidarar, og skapa resultat i samhandling med andre.
Me trur på styrken med mangfald og oppmodar personar med ulike kulturelle bakgrunnar til å søkja, slik at me kan halda fram med å byggja ein inkluderande og representativ organisasjon.
Arbeidsoppgåver
- Avsnittsleiar med personal- og resultatansvar på eige avsnitt
- HMS-ansvar på eige avsnitt
- Leia og utvikla avsnittet, under dette ha hovudfokus på medarbeidarar, fag og produksjon
- Leia avsnittet i samsvar med definerte strategiar, planar og mål
- Vareta dagleg leiing og bidra til fagleg utvikling ved avsnittet
- Leggja til rette for at oppgåver kan utførast med føresett kvalitet og at ressursane blir utnytta effektivt med fokus på effektiv tenesteproduksjon
- Medverka til godt arbeidsmiljø i ein hektisk kvardag
- Inngå i patruljetenesta ved behov og tredje kvar helg
- Bidra aktivt i leiargruppa til politistasjonen, følgja opp avgjerdene i leiargruppa og setja i verk vedtekne endringar
- Andre oppgåver pålagde av overordna
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Vitnemål frå politiskule/politihøgskule
- God resultatoppnåing i tidlegare stillingar
- Brei politifagleg bakgrunn
- Kunnskap om arbeid med helse, miljø og tryggleik
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- God resultatoppnåing i tidlegare stillingar
- Det er forventa at søkjar har førarkortklasse B med utrykkingskompetanse og har IP 4-kompetanse, eller forpliktar seg til snarleg å opparbeida denne kompetansen
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Det er også ønskjeleg med:
- Relevant etter- og eller tilleggsutdanning innan leiing
- Leiarutdanning og/ eller leiarerfaring
- Vidareutdanning innan etterforsking og etterforskinsleiing
- Brei politifagleg kompetanse
- God kunnskap om aktuelt lov- og avtaleverk
- Erfaring med endringsprosessar og endringsleiing
Personlege eigenskapar
- Resultatorientert med evne til å ta avgjerder og ha god gjennomføringsevne
- Motivere og skape resultat i samhandling med andre
- Gode evner til kommunikasjon og relasjonsbyggjing
- Evne til å tenke klart i en hektisk arbeidskvardag, og leie andre gjennom det same
- Samfunnsorientert med forståing for eininga si rolle i samfunnsoppdraget til politiet
- Setje retning, drive endring og bidra til god verksemdsutvikling
- Har godt heilskapleg blikk og evne til taktisk og systematisk arbeid
Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Som leiar må du i tillegg kunne leie i samsvar med dei etiske retningslinjene våre og vår medarbeidarplattformen. Les meir her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Stillinga vert lønna som politioverbetjent med funksjon som avsnittsleiar (stillingskode 0287) med årslønn: kr. 820.000,-.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no
- Gode arbeidsvilkår (dagtid, turnus, trening i arbeidstida, o.l)
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å skrive eit kort søknadsbrev, registrere utfyllande CV og leggje ved relevante vitnemål og attestar.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.Politidistriktet har om lag 1350 tilsette med konstituert politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a44b7686-2571-4176-b18b-83f88c7470bd
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10265984