Hopp til innhold

Nye Nyhagen

Arbeidsgiver

Voss herad Nyhagen

Sted

Bjørnshovden 19, 5708 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Miljørettleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 11. november

Vil du bidra til meistring, aktivitet og ekte arbeidsglede?
Då kan dette vera stillinga for deg!

Nyhagen aktivitetssenter tilbyr eit meiningsfylt dagtilbod til personar med ulike funksjonsvariasjoner. No har me flytta inn i nye, flotte lokale på Vetleflaten, og er i full utvikling med å skapa eit endå meir variert og spennande aktivitets- og arbeidstilbod. Hjå oss får du vera med å forma ein meiningsfull kvardag til deltakarane våre, gjennom aktivitet, meistring, fellesskap og gode opplevingar. Me ynskjer oss ein medarbeidar som ser moglegheitar, tek initiativ og som vil vera med å vidareutvikla tilbodet vårt. 

Me søkjer
  • Miljørettleiar i 80 % stilling frå 15.02.2027
  • Arbeidstid på dagtid, måndag til fredag
Arbeidsoppgåver
  • Bistå og rettleia deltakarar i daglege aktivitetar ved dagsenteret
  • Planleggja, gjennomføra og vidareutvikla aktivitetar med utgangspunkt i deltakarane sine interesser, ressursar og behov
  • Nytta ASK som kommunikasjonsverktøy
  • Dokumentere i Aidn journalsystem (opplæring vert gitt)
  • Skapa tryggleik, struktur og gode relasjonar
  • Vera ein tydeleg og trygg rollemodell og støtte for deltakarane
  • Samarbeide tett med kollegaer, pårørande og andre aktuelle samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
  • Vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning, til dømes innan helse- og sosialfag, pedagogikk, idrett eller fysisk aktivitet m.m).
  • Fagbrev innanfor helse- og sosialfag kan verta vurdert.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg 

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen.

Me ser etter deg som
  • Er kreativ, initiativrik og likar å tenkja nytt
  • Har engasjement for aktivitet, meistring og brukarmedverknad
  • Ser ressursane og moglegheitane til den einskilde
  • Arbeider sjøvstendig, tek ansvar og får oppgåver gjennomførte
  • Er samarbeidsorientert og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
  • Er trygg, strukturert og målretta
  • Er fleksibel og løysningsorientert
  • Ynskjer fagleg utvikling og er open for å læra nye metodar

Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt. 

Me tilbyr
  • ein meiningsfull arbeidskvardag der du får bidra til meistring og utvikling
  • moglegheit til å påverka og vidareutvikla aktivitetstilbodet
  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt arbeidsmiljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • Rekrutteringstillegg på kr 16 000,- for nytilsett vernepleiar

Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga. 

Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Me oppmodar menn til å søkje

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Ragnhild Dyvik

+47 95262071

ragnhild.dyvik@voss.herad.no

Om bedriften

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a29fa974-062b-48c7-8099-d4a58a07fbd3

Sist endret

22. oktober 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3666651_213081_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser