1.dekksoffiser i sjøvakt 1:2 Skjersholmane - Ranavik
Maritim Drift, Fjord1 AS
5412 Stord, 5455 Halsnøy Kloster
Om jobben
- Stillingstittel
- 1.dekksoffiser i sambandet Skjersholmane - Ranavik, p.t. MF Florøy
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 30. januar
VIl du jobbe 1 uke og ha 2 uker fri?
Fjord1 har no ei ledig stilling som 1.dekksoffiser/ 1.styrmann i sambandet Skjersholmane - Ranavik, p.t. MF Florøy.
Som ein av dei leiande aktørane innan miljøvenleg sjøtransport, satsar Fjord1 tungt på framtidsretta teknologi. MF Florøy er eit godt døme på denne satsinga – ei stillegåande og energieffektiv el‑ferje som representerer framtida på fjorden.
Som 1.dekksoffiser får du ei sentral rolle om bord, med fokus på tryggleik, berekraft og kontinuerleg utvikling. Denne stillinga er første steg på vegen mot å bli skipsførar, og i Fjord1 får du både erfaring, kunnskap og støtte til å utvikle deg i retning av høgare sertifikat, auka ansvar og leiande stillingar om bord. Du vil jobbe tett saman med erfarne kollegaer og få innsikt i heile drifta – noko som gir eit godt grunnlag for framtidig karriereløft.
Ein bur om bord når ein er på vakt, og får dekka reiekostnader til og frå arbeid.
Arbeidsoppgåver
- Ihht aktuell stillingsinstruks
- Navigere sjølvstendig på sin vakt.
- Avløyse på dekk ved behov, som pausar og stor trafikk.
- Ettersyn av navigasjonsutstyr
- Sikre at lasting og lossing blir utført forsvarleg og effektivt
Kvalifikasjonar
- Kompetansesertifikat D4
- GMDSS/ROC-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve kvalifikasjonsforskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- MES opplæring
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein engasjert og ansvarsmedviten 1.dekksoffiser/1. styrmann med gode leiareigenskapar og solid navigasjonskompetanse. Du trives med å ta ansvar for tryggleik og operasjonar om bord, samarbeider godt i team, og er oppteken av kvalitet og service.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap.
- Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.
- Sjøvakt, 1 veke på, og 2 veker av.
- Reise til/frå arbeid vert dekka.
Kontaktinformasjon
Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.noArbeidsstad
5412 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5065445531
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a13735dd-898b-4195-97eb-2ae30eadc2ea
- Sist endret
15. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
865c3bb6a8264f8fa12e49ea3ac12171
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Sted
Lavik
Matros i sambandet Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes, p.t. MF Julsund
Arbeidsgiver
Maritim Drift, Fjord1 AS
Sted
Stord, Huglo, Onarheim
Maskinsjef/ maskinist sjøvakt 2:4 i region Vestland
Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift
Sted
Bergen