Hopp til innhold

Sjøvakt 2:4 - maskinsjef/ maskinist i region Vestland

Arbeidsgiver

Fjord1 - Maritim Drift

Sted

5006 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Maskinsjef/ maskinist sjøvakt 2:4 i region Vestland
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Skandinavisk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Sjøvakt med ordning 1:2 eller 2:4.

Fjord1 planlegg å endre turnus på fleire samband til Sjøvakt 1:2 og 2:4. I samband med denne endringa søkjer vi no maskinsjefar og 1. maskinistar som ønskjer å vere med på den nye ordninga. 

Som maskinsjef eller maskinist får du ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Dagen om bord er variert og du får brukt den tekniske kompetansen og erfaringa di i praksis, samstundes som du får høve til å utvikla deg vidare i eit fagmiljø med høg kvalitet.

Fleire av ferjene har batteri som hovudenergikjelde for framdrift. Dei batteridrivne fartøya er stillegåande, moderne og representerer det nyaste innan teknologi. Dette er ein viktig del av satsinga vår på å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid.
 
I denne ordninga jobbar du anten ei veke og har to veker fri, eller to veker og har fire veker fri. Du bur om bord i arbeidsperioden, og reise til og frå arbeidsstaden blir dekka. Endringa av turnusen gir nye moglegheiter for fleksibilitet og gode arbeidsvilkår.

Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande.


Arbeidsoppgåver

Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen.Arbeidsoppgåver maskinsjef

Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.

Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.

Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet.

 

Arbeidsoppgåver 1.maskinist

Samarbeida med maskinsjef om daglege driftsrutinar for teknisk utstyr. Du vil ha ei oppfølgings rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.

Samarbeida med maskinsjefen om drift slik at fartøyet driftast i tråd med lovar og forskrifter. 

Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.

Kvalifikasjonar

  • Minimum M3-sertifikat.
  • Høgspentkurs.
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta.
  • Krise- og passasjerhandtering.
  • Gyldig helseerklæring.
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Personlege eigenskapar

Vi ser etter erfarene og dyktig maskinister som er ansvarsbevisste, pålitelig og tilpassingsdyktige. Du må ha gode samarbeidsevner, høgt fokus på tryggleik og kvalitet, og trivast med ein variert arbeidskvardag der endringar kan oppstå.

 

    Vi tilbyr

    • Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og Det Norskse Maskinistforbund.
    • Fast ansettelse i et solid og anerkjent selskap
    • Sjøvvakt, 1 veke på og 2 veker av eller 2 veker på og 4 veker av
    • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
    • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.

    Kontaktinformasjon

    Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.no

    Arbeidsstad


    5006 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Fjord1 AS

    Referansenr.: 5055418388
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 01.02.2026

    Om bedriften

    Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

    Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

    Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

    Sektor

    Privat

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    39d25259-ccfb-466e-86f2-1ccd95272741

    Sist endret

    2. februar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    377f53e96ecc486689df494f9fb992a7

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser