Overstyrmann/dekkssjef på reservefartøy Lavik-Oppedal
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
6947 Lavik
Om jobben
- Stillingstittel
- Overstyrmann/dekkssjef på reservefartøy Lavik-Oppedal
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Skift
- Arbeidsspråk
- Skandinavisk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. februar
Fjord1 skal frå 1.9.26 drifte verdas første autonome ferjesamband; eit verdsleiande prosjekt som kombinerer autonom ferjedrift, grøn innovasjon og banebrytande teknologi.
Vi er godt igang med prosjektet, der 4 ferjer er under bygging.Vil du vere med å forme framtida til sjøfarten? Bli vår nye overstyrmann/dekkssjef og ta del i spennande kvardagar på fjorden. Søk no og bli ein del av vårt maritime fellesskap.Fjord1 har ledig ei spanande og sjølvstendig stilling som overstyrmann/dekkssjef på reservefartøyet MF Lifjord i sambandet Lavik-Oppedal, med base i Lavik , ca 2 timar nord for Bergen.
I denne viktige stillinga vil du vere med å sikre at vår reserveferje alltid er operativ. Du vil også yte støtte ved behov for bytte av fartøy, mannskap eller i samband med planlagde verkstadsopphald.
Stillinga gir deg ein variert kvardag, og du vil få ei sentral rolle i opplæring og utsjekk av mannskap på dei nye ferjene.
Dette er ei stilling med moglegheiter. For å lukkast i jobben er det viktig at du har gode kommunikasjonsevner og ser verdien av å ha ein god dialog både med kollegaer om bord og på land.
Arbeidsoppgåver
- Leiar for dekksavdeling
- Avløysar for skipsførar
- Ettersyn på navigasjonsutstyr
- Oppgaver iht alarminstruks
- Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
- Ta avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
- Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
- Opplæring, utvikling og trening av personell
- At mannskapet har riktig verneutstyr
- At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte
- At kommunikasjonsutstyr er i orden
- At billettering og kontroll vert utført
- At lasting og lossing vert utført effektivt og forsvarleg
Kvalifikasjonar
- Kompetansesertifikat D3
- ROC/GMDSS sertifikat
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper skriftleg og muntleg
Personlege eigenskapar
Vi søker en ansvarlig og faglig sterk overstyrmann som kan bidra til sikker og effektiv drift av fartøyet. Du må være strukturert, ha gode lederegenskaper og et sterkt fokus på sikkerhet og kvalitet. Samarbeidsevner, besluttsomhet og evnen til å håndtere utfordringer er viktige eigenskaper i rollen. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap
- Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leilegheiter og gode rabattordningar
- Turnus: 2 veker på, 2 veker av, 84 timar pr. veke
- Mannskap bur ombord i skiftperiode
- Reise til og frå arbeidsstad verd dekka over 15 km.
Kontaktinformasjon
Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, sigrunn.hellebust@fjord1.noArbeidsstad
6947 Lavik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5065333028
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fed2b866-a280-4255-ad1c-df52cc4b263d
- Sist endret
15. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
18701ba49b2545f8aa295487744cc562
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Sted
Lavik
Maskinsjef i reservefartøy Lavik-Oppedal
Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Sted
Lavik
Matros på reservefartøy Lavik-Oppedal, p.t. MF Lifjord
Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Sted
Lavik