Skipsførar på reservefartøy Lavik-Oppedal
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
6947 Lavik
Om jobben
- Stillingstittel
- Skipsførar på reservefartøy Lavik-Oppedal
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Skift
- Arbeidsspråk
- Skandinavisk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. februar
Fjord1 skal frå 1.9.26 drifte verdas første autonome ferjesamband; eit verdsleiande prosjekt som kombinerer autonom ferjedrift, grøn innovasjon og banebrytande teknologi.
Vi er godt igang med prosjektet, der 4 ferjer er under bygging.Vil du vere med å forme framtida til sjøfarten? Bli vår nye skipsførar og ta del i spennande kvardagar på fjorden. Søk no og bli ein del av vårt maritime fellesskap.Fjord1 har ledig ei spanande og sjølvstendig stilling som skipsførar på reservefartøyet MF Lifjord i sambandet Lavik-Oppedal, med base i Lavik , ca 2 timar nord for Bergen.
I denne viktige stillinga vil du ha ansvaret for å sikre at vår reserveferje alltid er operativ. Du vil også yte støtte ved behov for bytte av fartøy, mannskap eller i samband med planlagde verkstadsopphald.
Du vil få ei sentral rolle i opplæring og utsjekk av mannskap på dei nye ferjene.Som skipsførar på reservefartøy vil du spele ei avgjerande rolle i å oppretthalde effektiviteten på ferjesambandet. Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får rikeleg høve til å bruke dine lederegenskaper og erfaring.
Dette er ei stilling med stort ansvar og moglegheiter. For å lukkast i jobben er det viktig at du har gode kommunikasjonsevner og ser verdien av å ha ein god dialog både med kollegaer om bord og på land.
Arbeidsoppgåver
- Tilsyn og vedlikehald av reservefartøy
- Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
- Drift av reservefartøy
- Tenestegjere på andre samband i rutedrift ved behov
- Andre oppgåver i samsvar med stillingsinstruks skipsførar
Kvalifikasjonar
- D3 sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- ROC/GMDSS sertifikat
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper skriftleg og muntleg
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein erfaren og ansvarsbevisst skipsførar med gode leiareigenskapar og fokus på tryggleik og kvalitet. Du må vere løysingsorientert, sjølvstendig og ha evne til å inspirere og motivere mannskapet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tek vi med glede imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap
- Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leilegheiter og gode rabattordningar
- Turnus: 2 veker på, 2 veker av, 84 timar pr. veke
- Mannskap bur ombord i skiftperiode
- Reise til og frå arbeidsstad verd dekka over 15 km.
Kontaktinformasjon
Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47330488, sigrunn.hellebust@fjord1.noArbeidsstad
6947 Lavik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5063759694
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a609f649-974f-4b6b-a916-58a62bd413fc
- Sist endret
15. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b603f6ec868047f4b05191752c8f5c17
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Sted
Lavik
Maskinsjef i reservefartøy Lavik-Oppedal
Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Sted
Lavik
Matros på reservefartøy Lavik-Oppedal, p.t. MF Lifjord
Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Sted
Lavik