Hopp til innhold

100% stilling som fagleiar ved Omsorgstenesten aust, Kinsarvik

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Bråvolltunet

Sted

Bråvoll 1, 5780 Kinsarvik

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. februar

Ledig fast stilling som fagleiar - stillingsstorleik 100 %


Arbeidsstad: Omsorgstenesta aust - Kinsarvik

 

Pleie og omsorg aust er stasjonert i Kinsarvik og er ei samordna teneste. Det vil seie at me driftar både sjukeheim , dagtilbod, kjøkken og heimetenester. På kjøkkenet lager me mat til pasientane på sjukeheimen og til pasientar som bur i heimen og ikkje klarer å lage mat sjølv.  

Personalet kan få oppgåver både på institusjonen og i heimetenesta. 

Sjukeheimen består av 18 plassar, der 2 er korttidsplasser. I heimetenesta yter me tenester til om lag 90 pasienter. 

 

I Omsorgstenesta aust har me eit godt arbeidsmiljø , med eit fleirkulturelt miljø .

Tenestene me utfører er mange og ulike , så me har ein innhaldsrik og spennande arbeidskvardag .  Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode tenester ,  tenester som er tilpassa kvar enkelt. 

No treng me ein fagleiar på laget , som skal arbeide tett med verksemdsleiar , avdelingsleiarane og dei andre med tilsette i tenesta.

Dersom dette høyres interessant ut, håper me at du søkjer . Ta gjerne kontakt for ein uforpliktende prat.

God opplæring vert gitt . 


Arbeidsoppgåver:
  • Ha oversikt over hjelpebehovet til pasientane i heile tenesta 

  • Ekstra ansvar for at me har oppdaterte og utfyllande dokumentasjon i journalsystemet vårt - Aidn

  • Ekstra ansvar for oversikt over at ulike arbeidsoppgåver vert utført

  • Ekstra ansvar for at IPLOS er oppdatert 

  • Kjenne til og og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar, og vere med å lage  og oppdatere desse

  • Tett samarbeid med pårørande 

  • Bidra i arbeidet med opplæring av nytilsette

  • Oppfølging etter legevisitt

  • Legemiddelhåndtering og opplæring

  • Narkotikakontroll

  • Halde seg fagleg oppdatert

  • Utføra helse - og omsorgsoppgåver etter fagleg standard, og rettleia anna personale i faglege og etiske spørsmål 

    • Følgje  eininga og avdelinga sine målsetjingar og yte tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak

    • Samarbeide og dela kompetanse på tvers av avdelingane

    • Vere med i arbeidet  vårt med å nytte musikkbasert miljøbehandling og Touch and play. 


    Kvalifikasjonskrav:

    • Autorisasjon som sjukepleiar 

    • Gode digitale ferdigheiter

    Personlege eigenskapar:
  • Gode samarbeidsevner

    • Endringsdyktig 

    • Positiv

    • Gode digitale ferdigheiter

    • Evner til nytenkning

    • Likar utfordringar

    • Tar initiativ og ansvar

    • Fleksibel

    • Engasjert

    • Punktlig og strukturert

    • Gode kommunikkasjonsevner 


    Me tilbyr:

    • Varierte arbeidsoppgåver

    • Spennande arbeid 

    • Lønn etter hovudtariffavtalen

    • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

    • Årsturnus

    • Fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår

    • Lønn etter hovudtariffavtalen

    • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.


    Krav:

    • Politiattest jfr gjeldande lov

    • Krav til førarkort:

    • Krav til B2 muntlig, skriftlig B1. Språkkunskaper kan og verte vurdert individuelt.

     

    Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

    Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

    Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


    Til orientering om Offentleglova:

    Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.

    For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.  

    I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: 

    "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

     

    Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

    Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

     


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Kari Skare Storhei

    +47 909 99 842

    kari.skare.storhei@ullensvang.kommune.no

    Om bedriften

    - ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    a0c25a98-11af-4577-9ff4-7470a17f87cc

    Sist endret

    4. februar 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3591627_190579_nn

    Lignende annonser