Hopp til innhold

Miljøarbeidar

Arbeidsgiver

Bremnes ungdomsskule, Bømlo kommune

Sted

Idrettsvegen 91, 5430 Bremnes

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Miljøarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid 70%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest torsdag 14. mai

Vil du bidra til ein trygg og god skulekvardag?

Bremnes ungdomsskule har ledig 70% stilling som miljøarbeidar, der 50% er fast, resten mellombels. 

Me søkjer ein omsorgsfull og trygg miljøarbeidar som skal gi individuell tilrettelegging og oppfølging i skulekvardagen.

Bremnes ungdomsskule (BUS) er ein moderne og attraktiv skule, sentralt plassert på Leite på Bremnes, vegg i vegg med Bømlo symjehall og sentralidrettsanlegget. Skulen har 365 elevar og 60 tilsette. Ved BUS er det gode rammer for ein trygg og inkluderande skulekvardag, der vi arbeider saman for trivsel, meistring og fagleg utvikling. Elevane ved BUS kjem frå fem barneskular: Svortland skule, Rubbestadneset skule, Meling skule, Gilje skule og Våge skule.

 


Arbeidsoppgåver

  • Personleg oppfølging av elev i skuledagen
  • Praktisk tilrettelegging og støtte i undervisning og friminutt
  • Bistand ved forflytting, på- og avkleding og hygiene
  • Samarbeid med skulen sitt fagmiljø, støtteapparat og føresette
  • Bidra til struktur, føreseielegheit og tryggleik i kvardagen
  • Observasjon og enkel dokumentasjon i tråd med rutinar og retningslinjer


Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. 

Kvalifikasjonar

Kvalifikasjonskrav:

  • Fagbrev som helsefagarbeidar eller barne‑ og ungdomsarbeidar
  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring med arbeid knytt til pleie, stell og praktisk bistand
  • Erfaring frå arbeid med barn og/eller ungdom, gjerne frå skule eller tilrettelegging
  • Kunnskap om habilitering, tilrettelegging og elevoppfølging
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Det er ein fordel med erfaring frå arbeid med elevar med samansette behov

Personlege eigenskapar

  • Trygg, roleg og profesjonell i møte med elev
  • Evne til å byggje tillit og skape ein føreseieleg kvardag
  • Strukturert og ansvarsmedviten i utføring av arbeidsoppgåver
  • Gode samarbeidsevner i møte med lærarar, føresette og støtteapparat
  • Tålmodig, omsorgsfull og løysingsorientert
  • God vurderingsevne i situasjonar som krev diskresjon og fagleg skjønn

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. 

Vi tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
  • Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder

Andre opplysingar
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringsloven § 17-11, jf. politiregisterloven § 39 første ledd, Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.

Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.

Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med rektor ved Bremnes ungdomsskule Christin Klubben.

Kontaktinformasjon

Christin Klubben, Rektor, +47 957 74 456, christin.klubben@bomlo.kommune.no

Arbeidsstad

Idrettsvegen 91
5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune

Referansenr.: 5120897176
Stillingsprosent: 70%
Anna
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 14.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Christin Klubben

Rektor

+47 957 74 456

christin.klubben@bomlo.kommune.no

Om bedriften

Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.

Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.

Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.

Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9f670df7-60a6-4f30-9884-a46cb317b944

Sist endret

30. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

709a172d5fa449ed8fce433247448eba

Lignende annonser

Laster lignende annonser