Hopp til innhold

Sjukepleiar

Arbeidsgiver

Sengepost Medisin 1 SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 16. august

Ønskjer du ein jobb som verkeleg betyr noko? Då må du lese vidare!

Sengepost for kreft, palliasjon og hematologi ved SNR søkjer ein engasjert sjukepleiar/spesialsjukepleiar!
Hos oss møter du pasientar med kreftsjukdom, hematologiske sjukdomar og behov for lindrande behandling. Du får ei viktig rolle i å ivareta både pasientar og pårørande gjennom krevjande og betydningsfulle livsfasar. Du får nytte heile breidda av sjukepleiefaget, utvikle kompetansen din og bli ein del av eit sterkt fagmiljø prega av samarbeid, omsorg og fagleg stoltheit.

Vi er ein sengepost i utvikling, med høgt fokus på kvalitet, fagleg vekst og eit godt arbeidsmiljø. Vi tilbyr mellom anna faste fagdagar i turnus, internundervisning og tett fagleg samarbeid med erfarne kollega. Her arbeider sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar og studentar tett saman i team, og vi samarbeidar dagleg med andre faggrupper for å gi pasientane den beste behandlinga.

Vi har ei ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar/spesialsjukepleiar. Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar bli aktuelle. Ønskjer du ein anna stillingsprosent, oppmodar vi deg til å søkje og oppgi ønskja stillingsstorleik.

Vi tilbyr fleksibel turnus med moglegheit for å gå langvakter både på kvardagar og i helgar (kvar fjerde helg), eller ordinære vakter (kvar tredje helg) dersom det passar best.

Dersom du er sjukepleiar med interesse for kreft, palliasjon og hematologi, set pris på eit godt arbeidsmiljø, fagleg utvikling og ei meiningsfull pasientgruppe, håpar vi å motta ein søknad frå deg!

Vi gler oss til å høyre frå deg – kanskje er du vår nye kollega?


Arbeidsoppgåver

  • Teamarbeid samen med sjukepleiarar, spesialsjukepleiarer, helsefagarbeidarar og blant annet onkolog, hematolog, palliativt team, ernæringsfysiolog, fysioterapeut og ergoterapeut
  • Pasientane i seksjonen vil kunne ha svært ulike behov. Arbeidsoppgåvene vil difor bestå av kartlegging og utføring av tiltak retta mot den enkelte pasient i tråd med gjeldande retningsliner

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar 
  • Relevant videreutdanning, erfaring og kompetanse kan vektleggast
  • Meistre norsk munnleg og skriftleg - minimum B2 nivå
  • Kompetanse innan IT og bruk av digitale verkty  
  • Å være personlig egnet blir vektlagt ved ansettelse

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og engasjement for kreft, palliasjon eller blodsjukdommar
  • Du er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet
  • Du er påliteleg og lojal til arbeidsplassen og kollegaene dine 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.

Kontaktinformasjon

Ragnhild Steinsland, Seksjonsleder, +47 97483801, ragnhild.steinsland@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5156101324
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Ragnhild Steinsland

Seksjonsleder

+47 97483801

ragnhild.steinsland@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9f622c9b-694b-4e4f-87c6-21b89e054d42

Sist endret

23. juli 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

9e2d4cb1660b460e81811262e25070d5

Lignende annonser

Laster lignende annonser