Hopp til innhold

Psykologspesialist/psykolog

Arbeidsgiver

Rus- og avhengigheitsklinikken/ TSB poliklinikk i Bergen og Bjørgvin Fengsel, Helse Bergen HF

Sted

Østre Murallmenningen 7, 5012 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Psykologspesialist/psykolog
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Vil du vere med å utvikle ein ny TSB poliklinikk i Bergen og Bjørgvin Fengsel, då er dette rette staden for deg!


I samarbeid med kriminalomsorgen har vi opprettet ein poliklinikk der vi søker etter erfaren psykologspesialist/psykolog som vil vere med å bygge opp eit godt og tilpassa tilbod til målgruppa. Innsette har same krav til utgreiing og behandling som andre borgarar, og dette vil vere eit banebrytande tilbod nasjonalt.

Poliklinikken vil gi tilbod til innsette som ønsker å nytte moglegheita til utgreiing av psykisk helse og starte opp med behandling i form av individualsamtalar og gruppetilbod. Vi treng din kompetanse til å utvikle eit differensiert og godt tilbod.

Forsking viser at innsette i fengsel er overrepresentert av personar med rusliding, sosiale- og psykiske utfordringar, så korleis kan vi bruke fengselet som endringsarena? Vi tenker at dette kan vere starten på eit vidare behandlingstilbod, og poliklinikken vil bidra til samhandling med 1 og 2.linjetenesta for vidare oppfølging etter lauslating.
Rus og avhengigheitsklinikken har ca 600 medarbeidarar og består av seksjon LAR, to ruspoliklinikkar, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar, både innan akutt- og planlagd behandling. Avdelinga er i ein spennande utvikling, mellom anna knytta til aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar og fagleg integrasjon med Psykisk helsevern. Forskingseksjonen i Rus og avhengighetsklinikken har fleire spennande forskingsprosjekt i LAR og deltar blandt anna i den nasjonale følgeforskinga på HAB og forsking på substitusjon med amfetamin.

Bergen og Bjørgvin TSB poliklinikk er ein eigen seksjon, og vil av praktiske grunnar ligge under Avdeling for LAR. LAR har 120 tilsette og er fordelt på 5 poliklinikkar i ulike bydelar, samt HAB. Kvar seksjon er tverrfagleg samansett av psykolog, lege, sjuke- og vernepleiar og sosionom. 

Bergen og Bjørgvin TSB poliklinikk består av seksjonsleiar, 3 sjuke- og vernepleiarar, 1 psykologspesialist og overlege, og vi vil no tilsette 1 psykologspesialist/psykolog. Psykologar vil ha rettleiing saman med psykologar i øvrige LAR poliklinikkar. Det vil vere eit nært samarbeid med kriminalomsorgen i fengselet, sosionomavdelinga og helseavdeling samt Seksjon for fengselspsykiatri.


Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging og behandling av pasientar med avhengigheit og psykiske tilstander som er under straffegjennomføring etter tilvisning
  • Utredning
  • Samarbeid om behandlingsplan og oppfølging av pasientar
  • Individual og gruppebehandling
  • Bidra til utvikling av behandlingstilbod til målgruppen
  • Samhandling med interne og eksterne aktører
  • Rettleiing internt til medarbeidere og eksternt til samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent psykolog, gjerne med godkjent relevant spesialitet
  • Erfaring med arbeid innan rusbehandling og/eller psykisk helsevern
  • Norsk autorisasjon
  • Må legge fram merknadsfri vandelsattest
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad 

Personlege eigenskapar

  • Du må ha motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du har eit godt lag med folk og får fram det beste i dei
  • Du er fagleg trygg, kreativ og leiken i tilnærminga. Du arbeider samstundes målretta og strukturert
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du trivst med å jobbe i nye rammer der ikkje alt er ferdig definert
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i tverrfagleg team

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons og forsikringsordninger
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personlig utvikling
  • Ein arbeidsplass som er inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA bedrift)
  • Vidareutdanning og rettleiing

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Natalia Yoshihara Berge, Seksjonsleiar, 93005828

Arbeidsstad

Østre Murallmenningen 7
5012 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5060036033
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.01.2026

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9edebbe3-16bf-4138-9ddb-d5877769c657

Sist endret

26. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

2c0bd5abac97480884403d7cca395b3a

Lignende annonser

Psykolog/Psykologspesialist

Arbeidsgiver

Rus- og avhengigheitsklinikken/ Poliklinikk Murhjørnet, Helse Bergen HF

Sted

Bergen

Psykologspesialist

Arbeidsgiver

Bjørgvin psykosepoliklinikk, Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern

Sted

Tertnes