Hopp til innhold

Psykologspesialist 

Arbeidsgiver

Bjørgvin psykosepoliklinikk, Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern

Sted

Tertnesvegen 37, 5113 Tertnes

Om jobben

Stillingstittel
Psykologspesialist
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 12. april

Har du lyst til å vere med å bygge opp vårt psykosebehandlingstilbod? Vi har tilsett seksjonsoverlege og psykologspesialist. Vi ønsker å supplere teamet vårt ytterlegare med ein psykiatrar og ein psykologspesialist. Du vil i stor grad kunne vere med å utforme behandlingstilbodet, og påverke korleis vi yter tenestene til pasientgruppa.

Bjørgvin Distrikspsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy og i tillegg bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med om lag 80 000 innbyggjarar over 18 år. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, medan polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken omfattar fagområda psykose og allmennpsykiatri.

Bjørgvin DPS søker etter ein psykologspesialist i 100% fast stilling til fagområdet psykose, psykolog med interesse for fagfeltet kan også søke.Stillinga gir rom for alternativ tenking knytt til arbeidsplan. Dette inneber at ein kan arbeide intensivt i periodar for så å ha fri i periodar. I friperiodane vil det vere noko ubunden arbeidstid som psykologspesialisten nyttar til førebuing. Klinikken har ei kognitiv behandlingstilnærming.


Arbeidsoppgåver

Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåver er:

  • Spesialisert utgreiing og differensiert behandling
  • Opplæring av pasientar og pårørande
  • Rettleiing til den kommunale psykiske helsetenesta
  • Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell

Klinikken har for tida 11 legespesialistar og 20 psykologspesialistar. Vi ønsker å styrke spesialistkompetansen ytterlegare.

Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for spesialistar og vi har fokus på klinikknær forsking. Samarbeid med sjukehus, kommunar og brukarorganisasjonar er ein viktig del av jobben

Bjørgvin psykosepoliklinikk/ FACT team: 

* Teamet er breitt, tverrfagleg samansett med overlegar, psykologspesialistar, psykologar, sosionomar, IPS konsulentar, spesialsjukepleiarar, spesialvernepleiarar, musikkterapeut, ergoterapeut, fysioterapeut og erfaringskonsulent. Totalt er der 20 årsverk i poliklinikken/ FACT teamet.

*  Seksjonen har pasientar i frivillig vern, pasientar som er under psykisk helsevern på tvang utan døgnopphald og pasientar som er domfelte til psykisk helsevern på tvang. Poliklinikken /FACT teamet har totalt 140 pasientar i behandling.

Bjørgvin psykose døgnbehandling:

*  Eininga har ei velkvalifisert personalgruppe der den store majoriteten er høgskuleutdanna personale med vidareutdanning i psykisk helse og/eller rusproblematikk

*  Totalt har seksjonen 12 døgnplassar. Seksjonen har i tillegg psykolog, psykologspesialist, lege med spesialitet i allmennmedisin og sosionom

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i klinisk vaksenpsykologi med vedtakskompetanse ihht psykisk helsevern lov
  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
  • Ønskeleg med erfaring frå psykose
  • Ønskeleg med erfaring frå rettleiing 

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert og løysingsorientert
  • Du er tilpassingsdyktig, effektiv og sjølvstendig
  • Du likar å jobbe tverrfagleg, både internt i eigen seksjon og med samarbeidspartnarar
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du trivst i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Ein spennande psykologspesialiststilling i ein veldreven seksjon med høg tverrfagleg kompetanse
  • Lønn etter avtale 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Wenny Karin Bernes, Seksjonsleiar, +47 90980134

Arbeidsstad

Tertnesvegen 37
5113 Tertnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5068349447
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Wenny Karin Bernes

Seksjonsleiar

+47 90980134

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c491fbbb-4384-4fa9-8e37-318723130879

Sist endret

17. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d73c3a33813a4173badc8a7776f00f9c

Lignende annonser

Psykolog/Psykologspesialist

Arbeidsgiver

Rus- og avhengigheitsklinikken/ Poliklinikk Murhjørnet, Helse Bergen HF

Sted

Bergen

Overlege psykosepoliklinikk/FACT

Arbeidsgiver

Bjørgvin distriktspsykiatriske senter/ Bjørgvin psykosepoliklinikk, Helse Bergen HF

Sted

Tertnes