Miljørettleiar
Hauge oppvekst, Bremanger kommune
Stasjonsvegen 10, 6727 Bremanger
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljørettleiar
- Type ansettelse
- Engasjement, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 23. juli
På Hauge oppvekst har vi ledig ei 100% mellombels stilling som miljørettleiar på Hauge skule for skuleåret 2026-2027.
Hauge oppvekst er eit oppvekstsenter som består av Stasjonen barnehage med tre avdelingar og Hauge skule som er ein barne- og ungdomsskule med 94 elevar.
Vi er eit oppvekstsenter som jobbar etter PALS-modellen. Dette er med på å gjere oss gode i arbeidet med å skape eit trygt miljø for barn i barnehagen og elevar i skulen. Vi jobbar systematisk med felles reglar, ros og god klasseleiing.
Inkluderande barnehage- og skulemiljø , psykisk helse og godt samarbeid med heimen er sentrale tema hos oss.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein trygg og tilgjengeleg vaksenperson for elevane
- Vere aktivt med i skulen sine førebyggande planar og arbeidet med elevane sine rettar til eit trygt og godt skulemiljø
- Hjelpe til ved konflikthandtering og utfordringar med klassemiljø
- Vere til stades for elevane i fellesareal og i friminutta. Motivere, rettleie og sette i gong aktivitetar og prosjekt
- Samarbeide tett med pedagogar, elevråd, leiing og føresette
- Vere ein del av skulen sitt PALS-team
- Vere ein trygg vaksen i tilrettelagt opplegg for ungdom
Kvalifikasjonar (overskrift)
- Ved tilsetjing blir det lagt vekt på søkjarar som har godkjent utdanning som vernepleiar, sosionom eller barnevernspedagog.
Andre med relevant erfaring eller utdanning kan også søkje. - Gode skriftlege og munnlege framstillingsevne
- Gode norsk-kunnskaper
- Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen med god relasjonskompetanse
- Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne
- Du er fleksibel og løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag
- Du er motivert og har ønskje om å gjere ein positiv forskjell
- Du er sjølvstendig og har evne til å ta ansvar
Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis barnehage
- Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
- Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
- Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)
- Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år.
Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/
I tillegg får du:
- Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
- Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
- Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon.
- Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon
- Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Kontaktinformasjon
Kåre Magne Moe, Driftssjef, +47 95982948Arbeidsstad
Stasjonsvegen 106727 Bremanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 5153406103
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 23.07.2026
Kontaktperson for stillingen
Kåre Magne Moe
Driftssjef
+47 95982948
Om bedriften
Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?
Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.
Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet.
Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9e5d3476-53c3-48f5-b4be-0f75821f6cff
- Sist endret
8. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7794140f9b6348f8bf9ecf5679c85941