Hopp til innhold

Fagutviklingsvernepleiar, 100 % fast stilling, tilsetjing snarast.

Arbeidsgiver

Kviteseid Kommune Lundenjordet

Sted

Kviteseid, Telemark

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Ved tilrettelagde tenester er fylgjande stilling ledig: Fagutviklingsvernepleiar, 100 % fast stilling, tilsetjing snarast. Stillinga er for tida i turnus med arbeid kvar 3.helg, 35,5 t/v. Stillinga har ei sentral rolle i å vidareutvikle fag, kvalitet og kompetanse i tenesta. Du vil vere ein nøkkelperson for både kollegaer, samarbeidspartnarar og tenestemottakarar.

Stillingstittel
Fagutviklingsvernepleier
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Hva vi ser etter

: • Krav

  • Autorisasjon som vernepleiar

  • God kjennskap til målretta miljøarbeid og positiv atferdsstøtte

  • Solid kunnskap om relevant lovverk, særleg HOL kap. 9

  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

• Ønskjeleg

  • Erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming

  • Erfaring med fagutvikling, koordinatoroppgåver eller rettleiing

  • Train the trainer kurs - Kompetanse innan tverrfagleg samarbeid og pårørandearbeid

  • Vidareutdanningar innan PAS, psykisk helse, veiledning, miljøterapi, habilitering e.l

Personlege eigenskapar:

  • Trygg i rolla, faglege vurderingar og kommunikasjon

  • Sjølvstendig, strukturert og ansvarsbevisst.

  • Gode relasjonelle og samarbeidande eigenskapar.

  • Evne til å skape engasjement, utvikling og fagleg tryggleik.

  • Tole å stå i krevjande situasjonar.

  • Stor arbeidskapasitet

  • Medverke til eit godt arbeidsmiljø

  • Vere oppteken av å

Arbeidsoppgaver

: • Fagutvikling og kvalitet:

  • Hovudansvar for fagutvikling og kvalitetssikring i eininga

  • Utarbeide, implementere og revidere faglege prosedyrar, rutinar og planar

  • Leie og medverke i fagmøte, intern opplæring og kompetansehevingstiltak

  • Sørgje for at tilsette arbeidar i samsvar med gjeldande lovverk, faglege føringar og beste praksis.

  • Utarbeide faglege risikovurderingar og handsame faglege avvik i samarbeid med einingsleiar

  • Ressursperson i EPJ (for tida profil)

• Opplæring og rettleiing:

  • Rettleiing og fagleg støtte til kollegaer i det daglege miljøarbeidet

  • Opplæring og oppfølgjing av nytilsette, studentar og lærlingar

  • Ansvarleg fasilitator for simulering og praktisk trening i tenesta

• Lovverk:

  • Ansvar for å skrive og følgje opp vedtak etter HOL kap.9

  • Bidra til gode faglege refleksjonsprosessar og kvalitet i tvangsreduserande arbeid.

• Samhandling og koordinering

  • Tverrfagleg samarbeid

  • Aktivt samarbeid med pårørande gjennom dialog, involvering og oppfølging

  • Organisere det daglege arbeidet i eininga i samarbeid med einingsleiar

  • Stedfortredar for einingsleiar ved behov

Vi tilbyr

  • Ei sentral og innflytelsesrik rolle i vidare utvikling av fag og kvalitet

  • Godt og inkluderande arbeidsmiljø

  • Spanande og omfattande faglege utfordringar

  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

  • Løn etter gjeldande avtale

Om bedriften

Ved tilrettelagde tenester i Kviteseid kommune arbeider det vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeiderar/hjelpepleiarar og assistentar som gir helse- og omsorgstenester til menneske med utviklingshemming Vi har personell i heimen til den enkelte, i barnehagen, i skulen, på dagsenter og avlasting. Me arbeider med målretta miljøarbeid, personsentrert praksis og kvalitet i alle ledd. For å styrke det faglege arbeidet og sikre vidare utvikling i eininga søkjer vi ein engasjert, trygg og sjølvstendig fagutviklingsvernepleiar.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9e0196ac-f555-4d45-b6b4-476f7466f38b

Sist endret

22. desember 2025

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

9e0196ac-f555-4d45-b6b4-476f7466f38b

Lignende annonser