Hopp til innhold

Vernepleiar/Sjukepleiar

Arbeidsgiver

Tilrettelagde tenester, Kviteseid kommune

Sted

Lundenvegen 18, 3850 Kviteseid

Om jobben

Oppstart
10. august 2026
Stillingstittel
Vernepleiar/Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus

Søk på jobben

Søk senest søndag 10. mai

Ved tilrettelagde tenester i Kviteseid kommune arbeider det vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeiderar/hjelpepleiarar og assistentar som gir helse- og omsorgstenester til menneske med utviklingshemming. Vi har personell i heimen til den enkelte, i barnehagen, i skulen, på dagsenter og avlasting. Me arbeider med målretta miljøarbeid og personsentrert praksis.

No har vi fått ei ledig stilling og søkjer ein engasjert, trygg og sjølvstendig vernepleiar eller sjukepleiar.

Stillinga er i turnus (35,5 time/veke) med arbeid kvar 3. helg og er ledig frå 10.08.26. Kan opnast for at ein kan starte før dersom søkjaren ynskjer det.


Arbeidsoppgåver

  • Fremja målretta og metodisk miljøarbeid, samt deltaka i brukaren sine daglege aktivitetar og gjeremål
  • Legge til rette for at brukaren meistrar eigen kvardag
  • Medverke til fagutvikling og kompetanseheving i eininga
  • Samarbeid, rettleiing og opplæring av andre tilsette
  • Koordinator for ein eller fleire bebuerar
  • Legemiddelhandtering
  • Pårørandesamarbeid
  • Skrive/følgje opp vedtak etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester kap. 9

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
  • Ynskje om erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming, målretta miljøarbeid og åtferd som utfordrar
  • God digital kompetanse
  • Førarkort kl. B
  • God norsk munnleg og skrifteleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons og samarbeidsevner
  • Evne til å ta ansvar, vere sjølvstendig og trygg i tenesterolla
  • Halde seg fagleg oppdatert
  • Være fleksibel, strukturert og løysings orientert
  • God rollemodell
  • Glad i aktivitet og kreativitet
  • Vere oppteken av å sjå nye og annleis løysingar, hovedsakelig med utgangspunkt i brukarens behov
  • Være ein kollega som bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Spanande og omfattande faglege utfordringar
  • Løn etter gjeldande avtale

 

 

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månadar.

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve.

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.

Ta gjerne kontakt med einingsleiar dersom du skulle ha spørsmål til stillinga.


Kontaktinformasjon

Unni Elisabeth Øygarden, Einingsleiar Tilrettelagde tenester, +47 90251683, unni.oygarden@kviteseid.kommune.no

Arbeidsstad

Lundenvegen 18
3850 Kviteseid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kviteseid kommune

Referansenr.: 5116303818
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 10.08.2026
Søknadsfrist: 10.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Unni Elisabeth Øygarden

Einingsleiar Tilrettelagde tenester

+47 90251683

unni.oygarden@kviteseid.kommune.no

Om bedriften

Kviteseid kommune ligg i Vest-Telemark, har omlag 2.500 innbyggjarar. Vi har golfbane som er kåret til beste golfbane i Norge i Golfamore Awards 2025, basert på rangering frå medlemmane. Vi har også alpinanlegg og utandørs klatrevegg. Vi har vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert og Kviteseid er kommunesenteret, som ligg midt i kommunen. Det er kort veg til aust, vest og Sørlandet. Klimaet er fint året rundt.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c47d3417-3f48-495c-9caf-cc3c784ba3b0

Sist endret

27. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

fa778a6a1b2a49829d9c485a49d173eb

Lignende annonser

Laster lignende annonser