Hopp til innhold

Har du lyst til å bli ein del av eit spennande fagmiljø i  sjukehusapoteket?

Arbeidsgiver

SIH Sjukehusapoteket i Haugesund, Sjukehusapoteka Vest

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Apotektekniker
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 6. mai

Då vil vi gjerne høyre frå deg!  

Sjukehusapoteket i Haugesund (SiH) leverer legemiddel og farmasifaglege tenester til Helse Fonna, og er eit stort apotek med omlag 40 tilsette. Sjukehusapoteket har fem operative avdelingar: Produksjonsavdeling, publikumsapotek, sjukehusekspedisjon, avdeling for farmasøytiske tenester og eit regionalt pakkeanlegg for eindose.
Sjukehusapotekt i Haugesund leverer også tenester til Stord sjukehus og nokon medarbeidarar har arbeidsstad der nokre dager i veka.

Avdelingane ved sjukehusapoteket samarbeider tett og har eit godt og spennande fagmiljø. Å jobbe som apotektekniker hjå Sjukehusapoteka er fagleg utfordrande, og vi kan tilby varierte arbeidsoppgåver og gode kollegaer. 

Vi forventar ikkje at du har erfaring med oppgåvene frå før, men at du har pågongsmot og interesse for å lære. Vår nye medarbeidar må førebu seg på at stillinga kan bli delt mellom fleire av våre avdelingar, basert på kompetanse, tidlegare erfaring og ei heilskapleg vurdering av behovet i apoteket.  

Sjukehusapoteka Vest HF er eit av fem sjølvstendige helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Sjukehusapoteka er del av spesialisthelsetenesta og skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Rogaland og Vestland vert sikra legemiddel og høg farmasøytisk kompetanse og tenester.


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver kjem an på avdelingane ein jobber i, til dømes:

  • produksjon av cytostatika og andre tilsetningsprodukt i produksjonsavdeling
  • reinhald av produksjonsrom og tilhøyrande utstyr
  • kundehandtering i avdeling for sjukehusekspedisjon, både på telefon og fysisk
  • resept- og ordrehandtering i publikumsavdelinga
  • kunderådgjeving og omsorgssalg til pasientar og kundar
  • produksjon av eindosar i anlegget for eindose
  • bruk av digitale/teknologiske verktøy i arbeidskvardagen
  • å delta i beredskapsvaktordning kan bli aktuelt

Andre oppgåver kan også tilfalle stillinga ved behov.

Kvalifikasjonar

  • Du har autorisasjon som apotekteknikar.
  • Du har gjerne relevant arbeidserfaring, men vi vil og treffe deg som er nyutdanna.
  • Du som har anna relevant helsefagleg utdanningsbakgrunn eller ønskjer å jobbe med desse arbeidsoppgåvene, er også velkommen til å søke.
  • Du har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
  • Du har gode IKT-kunnskapar.

Personlege eigenskapar

  • Du ynskjer å bidra til gode tenester for sjukehusa og er trygg på faget ditt.
  • Du trivs godt i lag med kollegaer og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
  • Du er fleksibel, nøyaktig og er oppteken av kvalitet i arbeidet.
  • Du kan jobbe sjølvstendig og tek ansvar.
  • Du trivst med nye arbeidsoppgåver og ein variert arbeidsdag.
  • Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr

  • Stilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse.
  • Fagleg og personleg utvikling, blant anna gjennom varierte arbeidsoppåver og kompetansebygging.
  • Eit arbeidsmiljø der vi ønskjer god takhøgd og rom for latter og humor.
  • Du får sjølvsagt løn i samsvar med gjeldande overeinstkomst.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Maria Birgitte Rossebø Areklett, Sjukehusapoteker, +47 93401870

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sjukehusapoteka Vest

Referansenr.: 5115170441
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Maria Birgitte Rossebø Areklett

Sjukehusapoteker

+47 93401870

Om bedriften

Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,7 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv seks sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering

Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9cea4c06-e817-4037-8688-b31f42105784

Sist endret

27. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

1e10964dae784a28b261d03a285d0efe

Lignende annonser

Laster lignende annonser